Jordbruk og miljø

Statsforvaltaren skal bidra til miljøvenleg jordbruk i fylket. Både juridiske og økonomiske verkemiddel vert nytta.

I Norge har vi eit jordbruk med ulike driftsformer; husdyrproduksjon, kornproduksjon og grønnsaksproduksjon. Felles for desse er at det vert stilt høge krav til miljøvenleg drift. For å ivareta miljøet finnast både juridiske og økonomiske verkemiddel. Nokre av dei verkemidla som er tatt i bruk for å sikre ei miljøvenleg jordbruksdrift i Norge er omtalt her.

Konvensjonelt og økologisk

I jordbruket vert det skilt mellom konvensjonelt og økologisk jordbruk. I begge driftsformene er målet å produsere god og trygg mat. Økologisk jordbruk skil seg frå konvensjonelt jordbruk ved at det ikkje vert nytta kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel, men bekjemper sopp, ugras, insekt eller andre skadedyr mekanisk eller biologisk. I konvensjonelt landbruk kan det nyttast kjemiske eller biologiske middel mot planteskadegjerarar. Alle som skal bruke plantevernmiddel må gjennomføre eit kurs for å få autorisasjonsbevis. Dette sikrar kunnskap om regelverket for bruk og oppbevaring av plantevernmiddel.

Tilskot til miljøvenleg drift

I tillegg til påbod og krav til miljøvenleg drift, vert det gjeve tilskot til tiltak som sikrar mest mogeleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller gitte miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søke om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningar for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord. Føremålet er å bidra til å ivareta kulturlandskapet i jordbruket, hindre avrenning av næringsstoff til vassdrag og å redusere klimautslepp.


Publisert 12.12.2023

Mykje beite gror att med skog

NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) går no gjennom arealressurskartet (AR5) for dei fleste kommunane nord for Romsdalsfjorden. Ein gjennomgang av fire kommunar viser at mykje innmarksbeite er grodd att med skog.


Publisert 05.12.2022

Ønsker fleire landbruksbaserte biogassanlegg

Å få på plass fleire landbruksbaserte biogassanlegg er eit nasjonalt mål.  Når husdyrgjødsel vert brukt til å produsere biogass, vert utsleppa av klimagassar frå landbruket redusert.


Publisert 05.01.2022

Korleis hindre at landbruksplast kjem på avvegar?

Plast er eit viktig materiale for landbruket, men også ei kjelde til forureining. Korleis kan vi handtere landbruksplasten slik at han ikkje kjem på avvegar?