Kartlegging av konsekvensar med nytt gjødselregelverk

Sauer beiter på ei grøn mark. Snøkledde fjell i bakgrunnen.
Gjødsellager, lagerkapasitet og spreieareal er kartlagt i rapporten. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Den nye gjødselbruksforskrifta inneber mellom anna nye reglar for spreietidspunkt og spreiemengder. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått kartlagt korleis situasjonen er for gjødsellager, lagerkapasitet og spreieareal i fylket.  

Publisert 25.03.2026

Det er AgriAnalyse som har gjennomført undersøkinga, som er gjort ved å sende ut spørjeskjema per e-post til alle som søkte produksjonstilskot i 2025. Over 30 prosent har svara.

Endringar i spreiefrist og spreiemengder

Siste frist for spreiing av husdyrgjødsel er no 15. september. Frå 2027 blir det i tillegg krav om at det anten skal haustast ei avling eller etablerast ny plantevekst etter siste spreiing. Kartlegginga syner at eit stort fleirtal har to slåttar. Det betyr at siste spreiing av husdyrgjødsel må skje etter førsteslåtten, som normalt skjer i juni. Det vil også bli meir begrensa kor mykje husdyrgjødsel som kan spreiast. Grensa på 3,5 kg fosfor per dekar vil gradvis bli redusert ned til 2,3 kg fosfor per dekar frå 2033.

Status for gjødsellager og lagerkapasitet

Undersøkinga viser at gjødsellagera er i god stand, men at omtrent halvparten vil få utfordringar med lagerkapasiteten frå neste år. Mjølkeprodusentar får størst utfordringar, medan sauebønder får minst. Fram mot 2033 vil i tillegg fleire måtte foreta tilpassingar på grunn av strengare fosforgrenser. Det er berre ein tredel som har svart at dei ikkje treng å gjere tilpassingar i drifta si fram mot 2033.

Behov for spreieareal

Undersøkinga viser at veldig mange har dyrkamark som dei ikkje har spreidd husdyrgjødsel på tidlegare. Areal kan ligge eit stykke unna driftssenteret, og er på grunn av lang transport berre blitt gjødsla med kunstgjødsel. Med strengare fosforgrenser blir meir av arealet nødvendig å bruke som spreieareal for husdyrgjødsel. Det medfører større tidsbruk, meir dieselbruk og meir dekkslitasje. I mange tilfeller blir det nødvendig med satelittlager for å spreie til riktig tid.

Les rapporten frå AgriAnalyse: Ny gjødselbruksforskrift: Kartlegging av konsekvenser for landbruket i Møre og Romsdal

Merk: Nokre delar av rapporten er ikkje universelt utforma. Ta gjerne kontakt med seniorrådgivar Per Eldar Nakken på e-post eller telefon 712 58 581 dersom du ønsker ein munnleg gjennomgang av rapporten.

Kontaktpersonar

Kartleggingsrapport

Les rapporten frå AgriAnalyse: 

Ny gjødselbruksforskrift: Kartlegging av konsekvenser for landbruket i Møre og Romsdal

Merk: Nokre delar av rapporten er ikkje universelt utforma. Ta gjerne kontakt med seniorrådgivar Per Eldar Nakken dersom du ønsker ein munnleg gjennomgang av rapporten.