Krav til gjødslingsjournal

Kornåker
Bruk av gjødsel skal journalførast. Foto: Ragnhild Naug Aas.

Frå 2026 er det krav om å føre journal over bruk av gjødsel.

Publisert 26.03.2026

Ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel vart innført i februar 2025. Frå og med i år skal alle jordbruksføretak som brukar gjødselvarer føre journal over gjødslinga. Kravet gjeld òg ansvarlege for hestehald og andre aktivitetar som gir husdyrgjødsel. Bruk av kunstgjødsel i private hagar er ikkje omfatta. Med gjødselvare meiner ein husdyrgjødsel, kunstgjødsel og eventuelt slam eller biorest.

Innhald i gjødslingsjournalen

Journalen skal vise

  • type og mengde gjødselvare det er gjødsla med
  • tidspunkt for gjødsling og kva areal som er gjødsla
  • mengder fosfor og nitrogen som er tilført kvart enkelt areal
  • mengder fosfor og nitrogen som er tilført totalt

Mengder av næringsstoff i ulike gjødseltypar

Kunstgjødsel inneheld ei oppgitt mengde med nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K), og er derfor enkel å rekne på. Husdyrgjødsel varierer veldig mykje. Nedanfor er nokre typiske verdiar:

  • Storfe: 3–3,4 kg N per tonn og ca. 0,5 kg P per tonn
  • Sau, blautgjødsel: 5,5 kg N og 1,1 kg P per tonn
  • Sau, talle: 7 kg N og 2,1 kg P per tonn
  • Gris: varierer mykje etter tørrstoffinnhald
    • blaut: ca. 2,6 kg N og 0,5 kg P per tonn
    • tørr: ca. 4,4 kg N og 2,3 kg P per tonn
  • Høns: ca. 19 kg N og 8,1 kg P per tonn

Hjelpemiddel og praktisk føring

Det vil bli utarbeidd hjelpemiddel for å føre gjødslingsjournal, truleg som integrert del av gjødslingsplanen. Det er likevel ingen formkrav til korleis journalen skal sjå ut. Det viktigaste i starten er å notere

  • kor mykje husdyrgjødsel (lass eller tonn) som blir spreidd på kvart enkelt skifte
  • kor mange kilo kunstgjødsel per dekar som blir brukt

Desse opplysningane gjer det mogleg å rekne ut kor mange kilo N og P som er tilført per dekar.

Grense for fosfor

I år er det tillate å gjødsle med inntil 3,5 kg fosfor per dekar. Det gjeld samla for både husdyrgjødsel og kunstgjødsel. Grensa blir gradvis redusert til 2,3 kg per dekar frå 2033.