Levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg

Organiske materialar blir omdanna, og avgir gass i prosessen. I biogassanlegg kan gassen bli til ein ressurs. Landbruksdirektoratet gjev tilskot til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.09.2019

Regelverket

Forskrift om tilskudd for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg inneheld føresegner om tilskot til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg.

Formålet med forskriften er å stimulere til at husdyrgjødsel blir levert til biogassanlegg.

Levering kan vere til større, sentrale anlegg eller gardsanlegg, og det må dokumenterast at anlegget produserer biogass.

Føretak som fyller grunnvilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket kan få dette tilskotet. Forskrifta om tilskot til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg vart revidert i desember 2018.

Her er nokre av endringane

  • Satsen for slik levering vart endra frå 60 til 70 kroner per tonn husdyrgjødsel, for å stimulere til auka oppslutning om ordninga. 
  • Søknadsfristen vart endra til 20. februar fra og med søknadsomgangen i 2019.
  • Sidan det er tørrstoff‐ og ikkje vassinnholdet i gjødsla som har verdi, er forskrifta endra til at gjødsla blir vekta for tørrstoffinnholdet.

Beregningsskjema finst i systemet for levering av søknad.

Meir om dette

www.landbruksdirektoratet.no finn du meir informasjon og søknadsskjema. Det er Landbruksdirektoratet som forvaltar ordninga.

Biogass i Møre og Romsdal

Det vert arbeidd med planlegging av biogassanlegg i fleire område i fylket vårt. Det er også mogleg å etablere gardsanlegg.