Fleire matfestivalar i Møre og Romsdal
Sal av lokal mat har vorte svært populært på messer og festivalar, og i Møre og Romsdal er det ei rad festivalar, som tilbyr lokalmat i samarbeid med lokale produsentar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 01.07.2016
Lokale messer kan vere ein flott arena for nystarta produsentar, som vil teste ut produkta sine, men vi finn også godt etablerte produsentar bak diskane.
For produsentar som ynskjer å satse på ein større marknad, kan det også vere aktuelt å delta på matfestivalar som Trøndersk Matfestival eller Matstreif i Oslo. Det er oftast dei lokale matnettverka som organiserer denne messedeltakinga.