Herøy helse- og omsorgssenter til topps

Ein samrøystes fylkesjury har kåra Herøy helse- og omsorgssenter til vinnar av konkurransen «Gylne måltidsøyeblikk» i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.11.2015

Herøy helse- og omsorgssenter utpeikar seg ved at menyane er svært fristande. Middagsmenyane inneheld mykje heimelaga mat, som gjenspeglar sesongane, og er ofte basert på lokale råvarer.

Balansen mellom dei ulike råvarene er god, presentasjonen på tallerkenen er innbydande, og rettane sin fargekombinasjonar hevar måltida. Dette gjev appetittvekkande og næringsrik mat. Borda ser koselege ut, og matsalen framstår som svært hyggeleg. Totalinntrykket av stemninga kring måltida gjer difor denne institusjonen til ein klar vinnar. Herøy helse- og omsorgssenter tenkjer heilskapleg, og dei nyttar alltid «Kosthåndboka» ved planlegging av menyane. Balansen mellom dei ulike råvarene sørgjer for god ernæring. 

Ved besøk på institusjonen fikk juryen oppleve roleg og fin stemning, der dei tilsette behandla bebuarane svært venleg  og imøtekomande. Alle synte gjensidig glede og interesse  for kvarandre. 

Herøy helse og omsorgssenter går no vidare til den nasjonale finalen, og skal konkurrere mot vinnarane frå dei andre fylka. Men først skal fylkessigeren feirast med fest for bebuarar, tilsette og inviterte gjester!

«Vi har alt fått større engasjement rundt måltidsopplevinga for bebuarane. Målsettinga vår er heile tida å strekke oss endå litt lenger for å gjere det betre, og denne konkurransen har så absolutt vore med på å heve kvaliteten på det vi driv med. Stor takk til dei som kom på denne ideen!» Dette seier kjøkkensjef Bjørg Warholm om Herøy helse- og omsorgssenter si oppleving av å være med i en slik konkurranse.

Dokument