Målsetjingar for matsatsinga i Møre og Romsdal
Målet for matsatsinga i Møre og Romsdal er å:
- auke mangfaldet, volumet og lønsemda av lokale matspesialitetar.
- styrke lokalmatprodusentane sin marknadsposisjon i varehandel og reiseliv.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 03.12.2012
For å nå måla, er det sett i gang ulike tiltak i Møre og Romsdal:
- Økonomiske rammer: Sikre nødvendige økonomiske rammer for finansiering av utgreiingsfasar, samarbeidstiltak og for investeringar frå Innovasjon Norge
- Bygge kompetanse: Det er viktig å styrke fagkompetanse innan bedriftsleiing og planlegging ( www.hoppid.no) og styrke matfagleg kompetanse hos produsentane og rådgjevingstenest ( www.maeremat.no). Fylkesmannen tilbyr praktiske kurs i samarbeid med Kompetansenavet på Mære, Mat på Mære og MRmat. MRmat er ei årleg kurs-samling for produsentar og serveringsbedrifter i Møre og Romsdal som jobbar med matspesialitetar. Neste år MRmat vert arrangert på Klippfiskademiet i Ålesund, 12. – 14. februar 2013(www.klippfiskakademiet.no)
- Opinionsarbeid: Fylkesmannen deltek på lokale, nasjonale og internasjonale arrangement. Dei største satsingane i 2013 vil vere Internationale Grune Woche og Den norske matfestivalen. Fylkesmannen arrangerar også infomøte om i samarbeid med Møre og Romsdal Bondelag og Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.
- Mobilisering: Det vert gitt rådgjeving og tilbod om studieturar og nettverksarbeid, særleg i samarbeid med Bondens Marked og Hanen. Sjå
www.bondensmarked.no, www.hanen.no, www.fjordstreif.no - Marknadsføring og sal:
Auka samarbeid mellom produsentar er viktig for å få større marknadsmakt gjennom nettverksbygging og heilkjedetenking. Det vert arbeidd med ein internettbasert portal for omsetjing av matspesialitetar som vil gjere lokal mat meir tilgjengeleg, www.matnorge.no - Mat og reiseliv
Reiselivsnæringa blir ein viktig samarbeidspartnar i matsatsinga framover. Mat basert på lokale tradisjonar er viktige kulturberarar, og er ein naturleg del av det samla reiselivstilbodet. Lokale matspesialitetar skal vere basert på identitet, opphav og lokalt særpreg. Utvikling av nisjeprodukt til høgare prisar enn «standard» vare krev god marknadskontakt, og fokus på heile verdikjeda.Dette er ein viktig marknad for matspesialitetar. Vi samarbeider difor gjerne med reiselivsaktørar for å utvikle matopplevingar som høver i eit natur – og kulturlandskap i verdstoppen. - Mat langs nasjonale turistvegar: Sidan 2011 har Stranda og Norddal vore med i pilotprosjektet «Mat langs Nasjonale turistvegar». www.matlangsnasjonaleturistveger.no
Prosjektet har resultert i auka fokus på lokale spesialitetar og eit godt nettverk mellom produsentar og serveringsbedrifter i regionen. Fylkesmannen i Møre og Romsdal deltek i dette prosjektet, og arbeidet skal vidareførast i dei andre kommunane som ligg langs Geiranger – Trollstigen og Atlanterhavsvegen