Mat og genuine opplevingar skal gjere Noreg til eit attraktivt reisemål
Jon Georg Dale presenterte den nye reiselivsstrategien "Opplevingar for ein kvar smak", på Regionsamlinga i samband med Grüne Woche i Berlin.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 02.02.2017
– Eg håpar alle no får auga opp for kva landbruket og reindrifta kan bidra med i reiselivssamanheng. Vi er litt "heimeblinde" – vi ser ikkje alltid kva unike opplevingar vi har å by på, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.