Program for ØKOUKA
Det er snart klart for ØKOUKA, der hovudmålet er å gjere økologisk mat og økologisk landbruk meir synleg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
ØKOUKA 2015 i Møre og Romsdal startar på Tingvoll Gard søndag 30. august og blir avslutta med foredrag og seminar på Bjørnsonfestivalen i Molde fredag den 4. september.
Sjå programmet for ØKOUKA 2015 Møre og Romsdal til høgre i sidemargen.
Hovedmålet med ØKOUKA er å gjere økologisk mat og økologisk landbruk meir synleg for forbrukarane i tillegg til å vise fram gode døme på økologisk landbruk. Vi vonar at ØKOUKA kan være til inspirasjon for både bønder, lærarar, forvaltning og rådgjevarar.
I den norske daglegvarehandelen auka omsetninga av økologisk mat i 2013 med 16 %. Men dette utgjer berre 1,2 % av totalt matvaresalg, så det er langt igjen for å nå regjeringa sitt mål om 15 % økologisk forbruk. Økologisk produksjon og omsetning heng nøye saman. Lite omsetning gir lite trykk på produsentledd til å produsere meir og utvikle nye produkt. Omlegging av landbruket til økologisk drift stagnerer per i dag.
Ei utgreiing frå VISTA analyse peikar på at mangel på kunnskap om føremonene ved økologisk mat er den viktigste barriera mot auka forbruk. Arrangement som set fokus på økologisk landbruk, vil difor kunne bidra til auka kunnskap og i neste omgang økologisk forbruk.