Prosjekt medverka til stabil svineproduksjon
Nortura har nyleg avslutta eit treårig prosjekt der målet var å auke smågrisproduksjonen i Møre og Romsdal. Målet med prosjektet var å rekruttere mellom fem og ti nye smågrisprodusentar i fylket og i tillegg rekruttere slaktegrisprodusentar. Dermed kunne den produserte smågrisen også fôrast fram i fylket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Resultata viser at denne auken ikkje har slått til, men talet på slaktegris har halde seg stabilt trass i ein vanskeleg marknadsmessig situasjon. Prosjektet har medverka til at svineproduksjonen ikkje har gått ned i denne perioden. Innovasjon Norge har heller ikkje gitt støtte til nyetableringar. Fleire produsentar har sagt at dei vurderer nybygging, men har lagt prosjektet på is i påvente av betre rammevilkår. Les meir om prosjektet i rapporten.