Landbruks- og matminister Olaug Bollestad til Alnes og Ålesund
Ministeren er invitert på frukostmøte 22.08. med lokal mat, spesielt utvalde kulturlandskap og reiselivsnæring på menyen. Etter det dreg ho til Ålesund og opnar den 35. norske matfestivalen i Ålesund.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fylkesmannen er vertskap når ministeren kjem på frukost. Kjøkkensjef Anders Adolfson frå Stranda Hotell vil servere mat inspirert av smaken frå naturen og kulturlandskapet i området. Reiselivssjef Tom Anker Skrede vil fortelje om arkitekturen og kulturlandskapet som ressurs i reiselivsnæringa. Bollestad får og møte kunstnaren Ørnulf Opdahl som vil formidle korleis landskapet er inspirasjon for kunsten.
Etter frukost reiser ministeren med følgje til Ålesund for å opne matfestivalen. Ho får besøke barnas matfestival, Borgund VGS Street Food-marknad og fleire lokale leverandørar. Festivalen har i år over 80 utstillarar. Aktuelle fagforedrag, minikurs om mat og drikke, økologisk frukost, jubileumsmiddag og kveldscruise er nokre av arrangementa du finn tilbod om under festivalen.