Stor interesse for besøk av Matgledekorpset

Matgledekorpset klar for besøksrunde. F.v. Merethe Bolstad – kjøkensjef ved Rauma Helsehus, Stian Røsand – økonom og sjølvlært matvrak, Anna Øien Sønslien – klinisk ernæringsfysiolog i Hustadvika kommune og Olav Kåre Jørgensen – institusjons- og restaurantkokk.
Matgledekorpset klar for besøksrunde. F.v. Merethe Bolstad – kjøkensjef ved Rauma Helsehus, Stian Røsand – økonom og sjølvlært matvrak, Anna Øien Sønslien – klinisk ernæringsfysiolog i Hustadvika kommune og Olav Kåre Jørgensen – institusjons- og restaurantkokk. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Heile 19 sjuke- og aldersinstitusjonar i Møre og Romsdal har søkt om å få besøk av Matgledekorpset i haust. Auka mat- og måltidsglede til eldre er eit viktig satsingsområde for mange institusjonar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.09.2022

Mange engasjerte og gode søknader gjorde det svært vanskeleg å velje ut dei seks institusjonar som skal få besøk av Matgledekorpset:

  • Surnadal sykehjem
  • Tingvoll sjukeheim
  • Aukra omsorgssenter
  • Glomstua kjøkken, Molde
  • Sulatunet, Sula
  • Sykkylven bu- og aktivitetssenter

To besøksrunder

Institusjonane får to besøk av Matgledekorpset denne hausten. Besøka vert lagt opp ut frå ynskje og behov hos den enkelte institusjonen. Medlemane i Matgledekorpset har brei kompetanse og vil gje tips, råd og inspirasjon på ulike område. Korpset vil bidra med innsikt om korleis ein kan fremje gode smaksopplevingar hos eldre, kva som gjev gode matminne og korleis ein kan skape hyggelege måltidsopplevingar. Matgledekorpset vil inspirere tilsette ved kjøken, avdelingar og leiing til samarbeid og til å bruke kvarandre sin kompetanse, slik at kvart måltid kan verte dagens høgdepunkt for bebuarane.

Matgledekonferanse

Den 15. november vert alle kommunane i Møre og Romsdal invitert til ein Matgledekonferanse i Molde. Konferansen inngår som ein del av Statsforvaltaren sitt arbeid med kvalitetsreforma «Leve heile livet». Her vil institusjonane som har hatt besøk av Matgledekorpset presentere erfaringane sine frå arbeidet med mat- og måltidsglede.