Stigande tømmerpris gir merkbar hogstauke

Sidan 2020 har det vore jamn stigning i tømmerprisane.

Publisert 20.11.2024

I 2020 var det ein snittpris på grantømmer i Møre og Romsdal på 356 kr/m3. Per juli 2024 var snittprisen 605 kr/m3. Det er forventa ytterlegare prisauke på sagtømmer og slip, som kan føre til ein snittpris på godt over 600 kr/m3 på gran for året 2024.

Verdien på levert grantømmer i fyrste halvår 2024 utgjer 104 millionar kroner. På same tid i fjor var det levert grantømmer for knapt 65 millionar kroner, med snittpris på 549 kr/m3.

På enkelte parti som vart hogd og målt inn i juni, i hogstklasse 5 gammal gran, finn vi kring 80 prosent sagtømmer, og snittprisar heilt oppunder 700 kr/m3. Her er ikkje siste prisauke på sagtømmer med. Dette borgar godt for eit fylke med gode tømmerressursar.

Det vert framleis hogd for mykje granskog i god vekst. Dei siste 20 åra før grana er hogstmoden kan verdien doble seg, med auka sagtømmerandel og auka volum av tømmer/dekar. Dette er godt for skogeigar, men i tillegg også bra for klimaet, med auka effekt av lagra CO2.

Samanliknar vi hogstaktiviteten i 1. halvår 2023 med 1. halvår 2024, er det 46 prosent auke i hogsten på gran. Dei føregåande åra har det ikkje vore like tydeleg respons på stigande pris. Hogst av furu er noko redusert, frå same periode i fjor.

imagei0e1q.png

 

Kontaktpersonar

Faktaboks

Denne artikkelen er fyrst publisert i Møre og Romsdal Fylkeskommune sin Fylkesstatistikk 2024. Trykk på denne lenka for å lese Fylkesstatistikken