Informasjonsbrev veke 21/2025

- Overvaking av skog med omsyn til skogskadar
- Frister for oppdatering av AR5 i august
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2025 – 5, Frist onsdag 28. mai
Overvaking av skog med omsyn til skogskadar.
Statsforvaltaren skal sjå til at kommunane overvaker skogen med omsyn til skogskadar, og ved høve sette i gang tiltak. Kommunane skal melde inn skadane til Satsforvaltaren og i portalen Skogskader.no, Skogskader (nibio.no).
På Skogskader.no føres observasjonane inn og stadfestast. Digitale bilete kan lastas opp og lagrast samen med rapporten. Rapporten sendes til NIBIO og kvalitetssikrast før den blir tilgjengeleg i rapportoversikten. Les meir om portalen og registrering på portalens side med rettleiing her Skogskader.
I portalen registrerast skogskadane i kategoriane insekt og andre dyr, sopp, abiotiske skadar, ukjende orsakar og andre skadegjerarar. Kvar kategori har fleire nivå og valmoglegheiter. Det kan vere vanskeleg å bestemme riktig art for funna. Vi vil gjerne bli kontakta ved tvil om art eller skadeårsak.
Kontaktperson: Christina Qvam Heggertveit
Frister for oppdatering av AR5 i august
AR5 er eit viktig grunnlag for berekning av arealtal som vert lest inn i Landbruksregisteret som kontroll for søknadar om arealtilskot. Det er derfor avgjerande at AR5 er oppdatert i god tid i forkant.
- august er fristen for kommunane som ønskjer å oppdatere AR5 i løpet av sommaren.
Meir om tidsplan-frister og oppdatering finn du HER.
Kontaktperson: Odd Løset
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2025 – 5, Frist onsdag 28. mai
Virkesopplysningar for periode 2025-5 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er onsdag 28. Mai. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg