Informasjonsbrev veke 35/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Kulturlandskapsprisen 2023 til Egil Kvalsund på Nerlandsøy 
  •  Økologisk lunsj med Maria Berg Hestad under Matfestivalen i Ålesund 

  • Husk påmelding - kommunesamling jordbruk – 19.-20. September 2023 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.08.2023

Kulturlandskapsprisen 2023 til Egil Kvalsund på Nerlandsøy 

Egil Kvalsund får kulturlandskapsprisen for 2023. Han har lagt ned ein særskilt innsats for kulturlandskapet på Nerlandsøy, og er ei drivande kraft for villsau- og beitenæringa på øyane på Ytre Sunnmøre. 

Prisen vert delt ut heime hos Kvalsund onsdag 30. august.   

Juryen si grunngjeving og pressemeldinga kan du lese her. 

Kontaktperson: Ragnhild Naug Aas 

 

Økologisk lunsj med Maria Berg Hestad under Matfestivalen i Ålesund 

Økologisk Møre og Romsdal, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Matfestivalen i Ålesund har tradisjon for å samarbeide om eit arrangement. I år var det kjøkkenhagebloggar og foredragshaldar Maria Berg Hestad som med engasjement, illustrative bilete og fargerike slides la fram sine meiningar om korleis matsystema er i krise, sett i eit globalt og lokalt perspektiv. 

Du kan lese meir om arrangementet her. 

Kontaktperson: Marie Teigland 

 

  • Husk påmelding - kommunesamling jordbruk – 19.-20. September 2023 

Vi minner om kommunesamling jordbruk for Møre og Romsdal 19. - 20. September i Molde 

Programmet er ikke ferdig ennå, men vil inneholde bl.a.:  

kontroll, nytt i ordningene, nytt i datasystem, beredskap, næringsutvikling, gründerhistorie/hopp-i-det, Mattilsynet, halvtimen med Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget, naturmangfoldslova, mer kontroll, etc, etc 

  I år har vi dessverre ikke budsjett til å dekke kostnadene for alle i kommunene, men vi håper mange av dere finner veien til samling likevel. Velkommen skal dere være! 😊 

Påmelidinsgfristen er 17. September. 

Påmeldingslenke: https://www.deltager.no/statsforvalteren/event/kommunesamling_jordbruk_i_more_og_romsdal_19092023#/init 

Kontaktperson: Marianne Aas Halse