Informasjonsbrev veke 09/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Utlysing av midlar til klimavennlege offentlege bygg 
  • Webinar om nytt brukargrensesnitt eStil-PT (LDIR)  
  • Søk om tilskot til lokale tiltak for å vareta naturmangfald i kommunane i 2024 
  • Søk om tilskot til naturrestaurering 
Publisert 28.02.2024
  • Utlysing av midlar til klimavennlege offentlege bygg 

Ynskjer din kommune at bygg-, anlegg- og eigedomssektor tek større omsyn til miljø og berekraft? Har kommunen ambisjonar om sirkulære løysingar for bygg og eigedom? Då kan kommunen søke om støtte på inntil kr 40 000 til utgreiing, forprosjekt, kurs eller studieturar. 

Midlane kan brukast til kompetanse om klimagassberekningar, bygg i tre og fornybare materialar og til å planlegge for sirkulære og gjenbrukbare løysingar i bygg.  

Målet er auka kompetanse om klimavennlege bygg både for planleggarar, utbyggjarar og entreprenørar. 

 Søknadsfrist: 1.4.2024. Send søknaden til sfmrpost@statsforvalteren.no og merk den med «Tredrivaren». 

Lenke til nettsiden her

Kontaktperson Christina Qvam Heggertveit 

 

  • Webinar om nytt brukargrensesnitt eStil-PT (LDIR)  

Landbruksdirektoratet inviterer til gjennomgang av endringar i fagsystemet eStil-PT.  

4 mars 2024, kl 11:30 (TEAMS) - gi oss beskjed viss du treng lenkje! 

Agenda: 

  • Presentasjon av oppdatert brukargrensesnitt i eStil PT med fokus på brukervennlighet,  
    sikkerhet og universell utforming 
  • Kort presentasjon av brukarveiledning for eStil-PT 
  • Kort presentasjon av nytt saksbehandlerrundskriv for produksjonstilskot og avløsertilskot 

 Vi tilrår alle saksbehandlarar om å bli med! 

Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset og Per Eldar Nakken 

 

  • Søk om tilskot til lokale tiltak for å vareta naturmangfald i kommunane i 2024 

Regjeringa styrkar satsinga på natur med ei heilt ny tilskotsordning som går under namnet «Natursats».  

I 2024 er det satt av til saman 53 millionar kroner til tilskot for å planlegge, og gjennomføre tiltak for å vareta og betre tilstanden for naturmangfald i kommunen. 

Kommunar kan søkje om midlar til å:  

  • Gjennomføre praktiske naturmangfaldtiltak 
  • Informasjonstiltak 
  • Kartlegge naturmangfald 
  • Planlegge tiltak for å vareta og betre tilstanden for naturmangfald. Dette kan og inkludere å innhente og samle nødvendig kunnskap med meir 

Kven kan søkje: Kommunar 

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden 

Søknad om tilskot sendast MIljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Den må innehalde prosjektbeskriving og budsjett for det året det søkjast om tilskot. Om tiltaket er fleirårig, skal dette stå i prosjektbeskrivinga. Det må tas med informasjon om forventa miljøforbetring/effekt tiltaket vil ha. 

Søknadsfrist: 5. april 2024 

 Kontaktpersoner: Solveig Silset Berg og Pernille Rønning  

 

  • Søk om tilskot til naturrestaurering 

Tilskotsordninga er ny av året og tiltaka skal bidra til å restaurere forringa natur, slik at den økologiske tilstanden blir betre.  

Tiltak som kan få midlar er: 

  • Planlegge naturrestaureringstiltak 
  • Gjennomføre naturrestaureringstiltak 
  • Oppfølging av naturrestaureringstiltak 
  • Tiltak som samtidig bidreg til klimatilpassing eller til å sikre karbonlager 

Kven kan søkje: Kommunar, organisasjonar og private tiltakshavare 

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden 

Søknad om tilskot sendast Miljødirektoratet sitt søknadssenter. Søknadssummen for eit restaureringstiltak må vere på minimum kr. 100 000,-. Søknaden må innehalde prosjektbeskriving og budsjett. Om tiltaket er fleirårig, skal dette stå i prosjektbeskrivinga. Tiltaksområdet for søknaden skal stadfestast i kart.  

Søknadsfrist: 5. april 2024 

Kontaktpersoner: Solveig Silset Berg og Pernille Rønning