Informasjonsbrev veke 03/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Møteserie om kantsoner og biologisk mangfold i januar 2024
  • MRmat – fagdagar for lokalmat i Møre og Romsdal 13. - 14. februar i Kristiansund 
  • Aukande tømmerprisar og god aktivitet i skogen i 2023 
  • Frist for behandling av RMP og OBB er 29.januar 
  • Samling for økologiske produsentar i Møre og Romsdal 23-24.februar
Publisert 17.01.2024

Møteserie om kantsoner og biologisk mangfold i januar 2024 

Norsk Landbruksrådgiving og lokale Bondelag i Møre og Romsdal inviterer til ein møteserie om kantsoner og biologisk mangfald. Det blir totalt fem møter rundt omkring i fylket i løpet av januar.   

Målsetjinga med møta er å få kunnskap og inspirasjon til å leggje til rette for meir biologisk mangfald, mindre framande artar og mindre avrenning av næringsstoff. Les meir og meld deg på her: Møteserie om kantsoner og biologisk mangfold | Landbruk Nordvest (nlr.no)  

Møteserien er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Vidaresend gjerne denne informasjonen til drivarar og grunneigarar i kommunen.  

Kontaktperson: Marita Fjelle   

 

MRmat – fagdagar for lokalmat i Møre og Romsdal 13. - 14. februar i Kristiansund 

Denne gongen – for første gong - som eit samarrangement med ein av hoppid.no sine årlege samlingar. Her oppfordrar vi dykk på landbrukskontora til å vere med, spesielt på den første konferansedagen. Kalenderinvitasjon er allereie sendt til dykk, men påmelding må gjerast av den enkelte. Informasjon og påmelding finn du her.  

I tillegg er det fint om de kan vidaresende informasjonen til aktuelle deltakarar i din kommune. MRmat er fagdagar for lokalmatprodusentar i Møre og Ramsdal. Arrangert av Kompetansenettverk Lokalmat i tett samarbeid med blant andre Statsforvaltaren. Hanen og Siderlauget er også involvert i årets gjennomføring. Etter konferansedelen er ferdig startar fagkursa. I år blir det 5 fagkurs i desse tema:  

  • Sider og fruktdrikk 
  • Skap lønnsomme og gode serveringskonsept 
  • Lønnsomt og bærekraftig salg av storfekjøtt fra egen gård 
  • Foredling av grønnsaker 
  • Ostemangfold i ystetradisjoner i Norge 

Meir informasjon og påmelding finn du her. 

Kontaktperson: Marie Teigland 

 

Aukande tømmerprisar og god aktivitet i skogen i 2023 

Ei oppsummering av aktiviteten i skogbruket viser aukande avverking og tømmerprisar i 2023. Over 90 prosent av det avverka volumet er gran. I 2023 blei det løyvd 14 millionar kroner til veg og driftstilskot. Det blei planta til noko mindre areal i fjor enn året før.  

Meir om aktiviteten i skogbruket i 2023 kan du lese her.   

Statistikk over aktiviteten i skogbruket for fylke og kommunar ligg her 

Kontaktpersonar: Odd Løset og Åsmund Asper 

 

 

Frist for behandling av RMP og OBB er 29.januar 

Vil med dette orientere om at frist for å behandle søknader om regionale miljøtilskot og tilskot til organisert beitebruk (RMP og OBB) i eStil-RMP blir sett til måndag 29. januar. 

Det betyr at søknadene då blir sett til “Foreløpig godkjent”. 
 
Vi kjem etterpå til å låse satsane, og så vil det bli ein periode frå 5. februar til 16. februar  
(veke 6 og 7) der det kan fattast endeleg vedtak. Hovudutbetalinga vil skje i veke 11. 
 
Kontaktpersonar: Per Eldar Nakken og Andreas Lilleheier Aarset 

 

Samling for økologiske produsentar i Møre og Romsdal 23-24.februar  

Dette er ein invitasjon til samling for økologiske produsentar fredag 23. - laurdag 24. februar på Vestnes Fjordhotell. Dette skal vere eit fagleg og sosial møteplass om økologisk landbruk!  

Er det produsentar i omlegging til økologisk produksjon eller går med tankar om å gjere det så er de også velkomen!  

Her finner du program og påmelding. 

Håper dykk kan gje denne informasjonen vidare til aktuelle personar i din kommune! 

Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset