Informasjonsbrev veke 05/2024
- NIBIO-rapport: Kunnskapsoverføring om investering og påbygg til lausdriftsfjøs
- Landbruksdirektoratet: Digital kunnskapskonferanse 7. mars
- Miljødirektoratet: Webinarserie om klimatilpassing, utslippskutt og naturmangfald i planarbeid
NIBIO-rapport: Kunnskapsoverføring om investering og påbygg til lausdriftsfjøs
NIBIO har, mellom anna med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, samla kunnskap frå ulike prosjekt og landbruksnæringa for å gjere det enklare å lukkast med å bygge om frå bås til lausdriftfjøs i mjølkeproduksjonen.
Her er link til NIBIO Rapport 9(168)2023:
Permanent lenke: https://hdl.handle.net/11250/3110498
Og link til ein meir kortfatta (4 sider) NIBIO POP 10(3)2024:
Permanent lenke: https://hdl.handle.net/11250/3112861
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Landbruksdirektoratet: Digital kunnskapskonferanse 7. mars
Digital konferanse for dei som er opptatt av rammevilkåra for landbruk og matproduksjon, og har tema om jordbruk, skogbruk og reindrift.
Sjå detaljert program og påmelding:
https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/landbruksdirektoratets-kunnskapskonferanse-2024
Videresend gjerne invitasjonen!
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Miljødirektoratet: Webinarserie om klimatilpassing, utslippskutt og naturmangfald i planarbeid
I ein webinarserie vil Miljødirektoratet og Kommunal- og distriksdepartementet dele kunnskap som er nyttig for å ivareta omsynet til klimatilpassing, utslippsreduksjonar og naturmangfald i planarbeidet. Det vert orientert om viktig regelverk, rettleiing og ressursar, og vist eksempel på korleis kommunane kan jobbe.
Meir informasjon og påmelding finn du her.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger