Informasjonsbrev veke 12/2024
- Skjønnsmidlar til interkommunale samarbeid på landbruk
- Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2024!
- Nytt Gårdskart aktuelt 1/24
Skjønnsmidlar til interkommunale samarbeid på landbruk
Statsforvaltaren inviterer kommunane til å søkje på skjønnsmidlar for 2025. Satsingsområde for dei næraste åra blir å møte omstillingsbehovet i kommunane med mellom anna meir strukturerte interkommunale samarbeid. Kommunane kan søkje om prosjektskjønnsmidlar til å bygge opp meir strukturerte og berekraftige interkommunale samarbeid, mellom anna på landbruk.
Søknadsfrist er 1. juni.
Les meir om invitasjonen og brevet til kommunane her.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2024!
Kvart år deler Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut Kulturlandskapsprisen. Prisen går til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet.
Alle kan fremme forslag på kandidatar og vi oppfordrar spesielt kommunane til å komme med forslag.
Frist til å komme med forslag på kandidatar er 1.mai.
Her finn du meir informasjon om årets utlysing og korleis du kan foreslå din kandidat
Kontaktperson: Ragnhild N.Aas
Her kan du mellom anna lese om:
- Feltkurs AR5
- Kurs i AR5web
- Oppdatert Arealressurstatistikk og Arealbarometer
- Nytt i Kilden: Grunnkart for arealregnskap (testversjon)
Link til nettside: Gårdskart aktuelt 1/24
Kontaktperson: Odd Løset