Informasjonsbrev veke 15/2024
- Finansiering av landbruksoppdraget i kommunane
- Samling for Inn på Tunet tilbydarar i Møre og Romsdal
- Påminning - Forslå kandidatar til Kulturlandskapsprisen innan 1.mai
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024-4 – Frist onsdag 24. april
Finansiering av landbruksoppdraget i kommunane
Artikkel om finansiering av landbruksoppdraget i kommunane er no oppdatert med tal for 2024. Artikkelen finn du her.
Kontaktperson: Frank Madsøy
Samling for Inn på Tunet tilbydarar i Møre og Romsdal
Statsforvaltaren inviterar til samling for Inn på Tunet-tibydarar i Møre og Romsdal den 19.april 2024. Ved Fylkeshuset i Molde. Program og meir info om påmelding finn du her.
Samlinga er gratis.
Kontaktperson: Marie Teigland
Påminning - Forslå kandidatar til Kulturlandskapsprisen innan 1.mai
Kvart år deler Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ut Kulturlandskapsprisen. Prisen går til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet.
Alle kan fremme forslag på kandidatar og vi oppfordrar spesielt kommunane til å komme med forslag. Kandidatar som er foreslått tidlegare kan bli renominert på bakgrunn av tidlegare innsendt informasjon.
Frist til å komme med forslag på kandidatar er 1.mai.
Vi veit at det finst mange gode kandidatar i fylket. Hjelp oss å heidre nokon av desse.
Her finn du meir informasjon om årets utlysing og korleis du kan foreslå din kandidat
Kontaktperson: Ragnhild N.Aas
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024-4 – Frist onsdag 24. april
Virkesopplysningar for periode 2024-4 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er onsdag 24. april. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg