Informasjonsbrev veke 16/2023
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-04 – Frist 26. april
- Suppleringsplanting: Presisering om statleg tilskot
- Skogfond: Presisering om bruk av skogfond til miljøregistreringar
- Møre og Romsdal fylkeskommune nominert til nasjonal jordvernpris
- Kom med forslag til kulturlandskapsprisen 2023 innan 1.mai
- Hugs webinar om kulturminne og kulturmiljø 20.april, og om biologisk mangfald 27.april
- Tilskot til miljøtiltak i skog
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-04 – Frist 26. april
Virkesopplysningar for periode 2023-04 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane 12. april. Frist for å godkjenne er 26. april. Det er viktig at dette blir godkjent innan fristen! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Suppleringsplanting: Presisering om statleg tilskot
Landbruksdirektoratet har lagt ut denne presiseringa på sine nettsider:
“Tilskuddet til suppleringsplanting etter denne ordningen kan bare gis der det er foretatt nyplanting (førstegangsplanting) først. Dette uavhengig av om det har vært en regulær nyplanting (førstegangsplanting) eller en nyplanting (hjelpekultur/førstegangsplanting) for å komplettere en naturforyngelse. Dette gjelder uavhengig av hogstform”.
Meir om dette på Landbruksdirektratet sine heimesider her
Kontaktperson: Odd Løset
Skogfond: Presisering om bruk av skogfond til miljøregistreringar
Landbruksdirektoratet har endra tekst på sine heimesider frå at skogfond kan dekkje «fakturerte kostnader til ajourhold og revisjon av miljøregistreringer når dette gjennomføres på hele eiendommen» til «fakturerte kostnader til ajourhold og revisjon av miljøregistreringer».
Ein må gå ut frå at arbeidet er gjennomført på ein fagleg god måte av personar med nødvendig kompetanse, og at arbeidet er dokumentert slik at det kan bli lagt fram for kontroll. Endringar i miljøregistreringar som kjem fram i revisjonen, skal rapporterast inn til Skogportalen.
Meir om dette på Landbruksdirektoratet sine heimesider her
Kontaktperson: Odd Løset
Møre og Romsdal fylkeskommune nominert til nasjonal jordvernpris
Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedtatt eit regionalt jordvernmål på 100 dekar i året. Tidlegare jordvernmål i Møre og Romsdal har vore 200 dekar, og dette målet har vore nådde dei siste åra.
At fylkestinget har vedteke eit nytt og skjerpa regionalt jordvernmål, bidreg til å styrke arbeidet og innsatsen for å redusere nedbygging av matjord i kommunane ytterlegare.
På denne bakgrunn har Statsforvaltaren føreslått Møre og Romsdal fylkeskommune som kandidat til nasjonal jordvernpris.
Les meir på heimesida vår her
Kontaktperson: Tormod Meisingset
Kom med forslag til kulturlandskapsprisen 2023 innan 1.mai
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris. Prisen blir gitt til den eller dei som gjer ein særskild innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Les meir her.
Vi oppfordrar kommunane til å komme med forslag på minst ein kandidat.
Forslaget kan fremjast ved å fylle ut eit enkelt elektronisk skjema som de finn ved å følgje denne lenka.
Vi veit at det finst mange gode kandidatar i fylket. Hjelp oss å heidre nokon av desse!
Frist til å komme med forslag på kandidatar er 1.mai
Kontaktperson: Ragnhild N. Aas
Hugs webinar om kulturminne og kulturmiljø 20.april, og om biologisk mangfald 27.april
Det er sendt ut invitasjon til to webinar:
- Om kulturminne og kulturmiljøforvaltning - 20.april kl. 09.30 – 11.00
- Om biologisk mangfald og tilskotsforvaltning - 27.april kl. 09.30 – 11.00
Desse er relevante for de som jobbar med SMIL, UKL, Verdsarv og RMP mfl.
Det er sendt ut møteinvitasjon i Outlook (på e-post). Her kan du sjå fullstendig agenda. Ta kontakt om du ikkje har fått meldt deg på!
Kontaktperson: Ragnhild N. Aas
Tilskot til miljøtiltak i skog
Sentral ramme for tilskot til miljøtiltak i skog for 2023 er i underkant av 5,5 millionar kroner. Det er ikkje endringar knytt til regelverket for 2023.
Det er ingen søknadsfrist for ordninga. Handsaming, godkjenning og løyving av søknader kan difor gjerast fortløpande.
Ordninga er spesielt aktuell for kommunar med nye skogbruksplaner.
Sjå meir om ordninga på Landbruksdirektoratet si nettside
Kort informasjonsskriv om ordninga som kan sendast til aktuelle søkjarar og organisasjonar i næringa
Kontaktperson: Odd Løset