Informasjonsbrev veke 20/2024
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 5. Frist fredag 24. mai
- Bevaringsstrategi for landbrukets kulturmiljø er ute på høyring. Frist 30. juni
- Landbruksdirektoratet oppmodar kommunar til å dyrke mat
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 5. Frist fredag 24. mai
Virkesopplysningar for periode 2024-5 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er fredag 24. mai. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
Bevaringsstrategi for landbrukets kulturmiljø er ute på høyring. Frist 30. juni
Riksantikvaren har sendt eit forslag til nasjonal bevaringsstrategi for kulturmiljøet i landbruket ut på høyring.
Forslaget dreier seg om korleis vi kan ta vare på bygningar, arkeologiske kulturminne og landskap frå jordbruk, skogbruk og reindrift i åra som kjem.
Alle kommunar skal ha mottatt høyringsdokumenta til sitt postmottak. Høyringsfristen er 30. juni 2024.
Les meir om saka på Riksantikvaren si heimeside: Skal ta vare på landbrukets kulturmiljø - Riksantikvaren
Kontaktperson: Ragnhild N.Aas
Landbruksdirektoratet oppmodar kommunar til å dyrke mat
Stadig færre av oss har praktisk kunnskap om korleis ein dyrkar maten vi et. Ofte er dette eit resultat av kvar vi bur, ikkje av interesse eller ønske. Gjennom urbant landbruk kan fleire bidra til meir lokal matproduksjon og eige velvære. For å setje fart på utviklinga lanserer NIBIO ein rettleiar som gir kommunane tips og råd for å lykkast med lokale dyrkingsprosjekt.
Les meir om saka på Landbruksdirektoratet si heimeside: Oppfordrer kommuner til å dyrke mat - regjeringen.no
Kontaktperson: Andreas Aarset