Informasjonsbrev veke 21/2024
- Kort webinar om sommarvarselet og tørkeprognose 2024
- Nytt Gårdskart aktuelt 2/24
- Varsel om mogleg produksjonssvikt (AGROS)
- Tilskot til vern av trua fugleartar i jordbrukslandskapet
- Søk støtte til kommunal jordvernstrategi
- Gebyr – Autorisasjon plantevern/smågnagere
Kort webinar om sommarvarselet og tørkeprognose 2024
Manuel Hempel i Climate Future prosjektet vil halde eit kort webinar om sommarvarselet og tørkeprognosen. torsdag 23.05. 09:00-09:30
Korleis har våren vore så langt?
- Kva kan vi allereie no seie noke om sommaren?
- Kva er sjansen for at det blir den varmaste sommaren vi har sett sidan 2015?
- Han vil ta ein gjennomgang av værsituasjonen og presentere dei nyaste prognosane for
juni, juli og august perioden.
Microsoft Teams - Join the meeting now
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Ny utgåve av Gårdskart aktuelt finn du HER.
Her kan du mellom anna lese om:
- Nytt kartlag i Gårdskart
- Kurs i AR5web
- Frist for oppdatering av AR5 i august
- Tid for synfaring AR5 i felt: tips og verkty
Kontaktperson: Odd Løset
Varsel om mogleg produksjonssvikt (AGROS)
Det har komme inn 10 varsel om produksjonssvikt i Møre og Romsdal. Dei fleste gjeld isbrann og frost.
Ein del av desse manglar bilete eller annan dokumentasjon som viser skaden.
Det er viktig at de går inn i AGROS og ser om det ligg varslar for kommunen din.
Alle varsla skal kommenterast av kommunen.
Viss dokumentasjonen ikkje er tilstrekkeleg, må ein ta ei synfaring for å få kartlagt omfanget.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Tilskot til vern av trua fugleartar i jordbrukslandskapet
Har bønder trua fugleartar hekkande i enga?
Da kan dei gjere avtale med Statsforvaltaren om å utsette slåtten der det er påvist hekking av åkerrikse, vipe, storspove eller grashoppesangar. Dei kan søke om tilskot til dette gjennom regionalt miljøprogram.
Meir infomasjon om ordninga er på heimsida til Statsfovaltaren
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Søk støtte til kommunal jordvernstrategi
Det kan no søkast om økonomisk støtte til utarbeiding av kommunal jordvernstratgi.
Det er landbruksdirektoratet som handsamer søknadane og fattar vedtek om tildeling. Søknadsfristen er 20. august.
Kontaktperson: Tormod Meisingset
Gebyr – Autorisasjon plantevern/smågnagere
Vi vil minner om at alle kommunar som har arrangert autorisasjonseksamen sender Statsforvalteren:
- Ei navneliste over dei eksamenskandidatene som har bestått eksamen og er blitt registrert inn i Mattilsynet sitt autorisasjonsbase.
- Overfører kr. 85,- i gebyr for kvar kandidat til statsforvalteren sin konto.
Kontaktperson: Tone Helen Rørseth