Informasjonsbrev veke 2/2026
- Frist for behandling av RMP- og OBB‑søknader 26. januar
- Tilskot til kurs for avløysarar og landbruksvikarar
- Kven gjer kva på seksjon landbruk
Siste frist for å behandle søknader til RMP og OBB for søknadsåret 2025 er 26. januar. Innan denne datoen må alle søknader vere ferdig behandla – enten godkjende, avslått eller avviste. Etter fristen vil Statsforvaltaren berekne satsane for 2025.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Landbruksdirektoratet har lyst ut midlar til gjennomføring av kurs for avløysarar og landbruksvikarar med søknadsfrist 31. januar. Tilskot kan gis til organisasjonar, forskings- og utviklingsinstitusjonar og føretak registrert i Einingsregisteret, samt fylkeskommunar og kommunar.
Inntil 100 prosent av prosjektet sine kostnadar kan dekkast.
Ragnhild Naug Aas er no tilbake hos Statsforvaltaren etter permisjon. Ho skal ha dei same arbeidsoppgåvene som før: Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), drenering, utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL), kulturlandskapet i verdsarvområdet (ARV) og kulturlandskapsprisen.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger