Informasjonsbrev veke 22/2024
- Overvaking av stor granbarkbille
- Forvaltningssamling jord for kommunane 11. - 12. september
Overvaking av stor granbarkbille
Stor granbarkbille blei først påvist i vårt fylke i fjor. Dette var i Surnadal. I år vil ein gjennom NIBIO sitt overvakingsprogram undersøkje om den finst i ein større del av Møre og Romsdal. Det er sett opp seks feller i ein aust – vest gradient, frå Tingvoll til Sykkylven.
Sjå eigen artikkel HER.
Fangstdata vert lagt ut i Kilden.
Kontaktperson: Odd Løset
Forvaltningssamling jord for kommunane 11. - 12. september
Vi vil invitere kommunane til forvaltningssamling jord onsdag 11. - torsdag 12. september. Samlinga vert på Fylkeshuset i Molde, då vi vil prøve å redusere kostnaden for deltakarane. Kalendarinnkalling kjem straks, så du kan halde av datoen. Meir informasjon, program og påmelding vil kome etter sommaren.
Har du innspel til tema, send gjerne ein mail til tone.rorseth@statsforvalteren.no
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger