Informasjonsbrev veke 23/2023
- Ingen utbetalingar i veke 29 og 30
- Ny versjon av ØKS
- Nytt Gårdskart aktuelt
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ingen utbetalingar i veke 29 og 30.
Landbruksdirektoratet melder at det ikkje vert køyrt utbetalingar
i vekene 29 og 30 pga ferieavvikling.
Kontaktpersonar: Marianne Aas Halse og Odd Løset
Den nye versjonen er nå ute. Den inneheld dei varsla endringane i høve innføring av godkjennar-rolla i ØKS.
Du finn veiledaren for godkjenning på Landbruksdirektoratet si heimeside: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/forvaltning/fagomrader/skogbruk/godkjenning-av-vedtak-oks
I ny versjon er det og utvikla eit nytt skjema for registrering av NMSK-kontroll i bildet for tilvising av skogfond. Løysinga for å registrere kontrollen i SKART er straks på plass, men ikkje heilt klar endå, og vi oppmodar derfor brukarar om å ikkje trykkje på «Registrer i SKART» før vi melder at dette er klart. Inntil vidare må kontrollen registrerast i ØKS ved å trykke på «Registrer i ØKS.
Kontaktperson: Åslaug Røberg
NIBIO har lagt ut nytt Gårdskart aktuelt 3/2023 på sine nettsider.
Her kan ein mellom anna lese om:
- AR5 er klar for oppdatering igjen
- Kurs i AR5web 14. juni
- AR5 feltkurs
- Lenker og tips for klassifisering av AR5 i felt
- Ny struktur på AR5-sidene –> nye adresser
- Frister for oppdatering av AR5 i august
Kontaktperson: Odd Løset