Informasjonsbrev veke 23/2024
- Spreiing av fugleinfluensa blant kolonihekkande sjøfugl
Publisert 05.06.2024
Spreiing av fugleinfluensa blant kolonihekkande sjøfugl
Mattilsynet er uroa for spreiing av fugleinfluensa blant kolonihekkande sjøfugl også i år. Det er viktig å oppdage eit utbrot tidleg, for å avgrense omfanget og konsekvensane.
Mattilsynet ber kommunane ta høgde for eit utbrot, og har i brev til kommunane no i mai oppfordra kommunane til å gjere førebuingar for å handtere ein slik situasjon. Kommunane må sørge for tilstrekkeleg med smittevernutstyr til dei som skal samle inn døde fuglar, og dei må førebu seg på å organisere innsamling og trygg handtering av døde fuglar.
Meir informasjon dere her:
Fugleinfluensa på villfugl | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)
Kontaktperson: Marianne Aas Halse