Informasjonsbrev veke 24/2025

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Kven gjer kva på seksjon landbruk 
  • ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2025 – 6, frist onsdag 25. juni 
  • Sommarjobb i skogen 
Publisert 12.06.2025

  • Kven gjer kva på seksjon landbruk 

Ein oppdatert versjon av oppgåvefordelinga til dei tilsette på seksjon landbruk ligg no ute på nettsidene våre her.  

 

 

  • ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2025 – 6, frist onsdag 25. juni 

Virkesopplysningar for periode 2025-6 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er onsdag 25. juni. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.  

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

  • Sommarjobb i skogen 

JOB:U er eit sommarjobbtilbod for ungdom i regi av Skogselskapet i Møre og Romsdal. Prosjektet går over tre år og skal styrke rekruttering og interesse for utdanning og arbeid innan skog- og naturbruk. Kommunane  Tingvoll, Sunndal, Rauma, Vestnes, Stranda, Sykkylven, Fjord, Ørsta og Volda deltek i prosjektet. Målgruppa er ungdom mellom 15-25 år. Ein tek sikte på opprette nye lag kvart år i prosjektperioden (2025-2027). 

Kontaktperson: Odd Løset