Informasjonsbrev veke 26/2023

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Miniseminar om Landbruksbasert Biogass 
  • Statistikk og utvalde nøkkeltal om jord- og skogbruket i Møre og Romsdal 
  • Webinar om Inn på tunet - Garden som attraktiv arena innan utdanning, omsorg, arbeidstrening og integrering 
  • Ansvar og rutinar for autorisasjonsordninga for plantevern og smågnagarar 
  • Nytt Gårdskart aktuelt 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.06.2023
  • Miniseminar om Landbruksbasert Biogass 

Nyleg heldt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal eit miniseminar om landbruksbasert biogass for kommunane, med fokus på teknisk vurdering av søknad, og høyring på utsleppsløyve. 

Les meir på: https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Landbruk-og-mat/Klima/informasjon-om-biogass-i-landbruket-for-kommunane/ 

Kontaktperson: Åsmund Asper 

 

  • Statistikk og utvalde nøkkeltal om jord- og skogbruket i Møre og Romsdal 

På denne nettsida finn du statistikk og utvalde nøkkeltal om jord- og skogbruket i Møre og Romsdal. Denne sida er stadig under utvikling. Dersom det er informasjon du saknar, vil vi svært gjerne ha innspel! 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

  • Webinar om Inn på tunet - Garden som attraktiv arena innan utdanning, omsorg, arbeidstrening og integrering 

Landbruksdirektoratet inviterer til nasjonal Inn på tunet-konferanse 29. august kl 12 – kl 14. Lær meir om Inn på tunet og garden som alternativ arena innan utdanning, omsorg, arbeidstrening og integrering.  

Høyr erfaringar frå ulike tilbod rundt i landet og få råd om oppstart, samarbeid og utvikling. 

Les invitasjonen og meld deg på her 

Vidaresend gjerne invitasjonen til andre avdelingar i kommunen, samt etablerte og interesserte IPT-tilbydarar. 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

  • Ansvar og rutinar for autorisasjonsordninga for plantevern og smågnagarar 

Vi har no laga ansvars -  og rutinebeskrivelse for autorisasjonsordninga for plantevern og smågnagarar.  Du finn den her i høgre margen.  

Kontaktperson: Tone Helen Rørseth  

 

  •    Nytt Gårdskart aktuelt 

NIBIO har lagt ut nytt Gårdskart aktuelt 4/2023 på sine nettsider.               

Her kan ein mellom anna lese om:   

  • Ny versjon av Kilden er lansert 
  • Meir brukervennleg og fleire funksjonar 
  • AR5web 
  • AR5 Feltkurs 

Kontaktperson: Odd Løset