Informasjonsbrev veke 28/2023
- Ingen utbetalingar frå Landbruksdirektoratet i vekene 29 og 30
- Meld inn behov om dreneringsmidlar fortløpande
- Påfyll av kunnskap om AR5
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ingen utbetalingar frå Landbruksdirektoratet i vekene 29 og 30
Landbruksdirektoratet melder at det ikkje vert køyrt utbetalingar i vekene 29 og 30 pga. ferieavvikling.
Kontaktpersonar: Marianne Aas Halse og Odd Løset
Meld inn behov om dreneringsmidlar fortløpande
Per no er det 2,8 millionar i dreneringsmidlar som ikkje er fordelt til kommunane. Dette gir eit godt handlingsrom for dei auka satsane frå 1.juli og for fleire tilskotssøknader. Les om dei auka tilskotssatsane her
Meld inn behov fortløpande dersom de har behov for meir midlar i kommunen.
Vi oppfordrar også til å følge med på eventuelle inndratte midlar på ordninga gjennom året.
Kontaktpersonar: Ragnhild N. Aas og Tone Rørseth
I midten av juni blei det arrangert feltkurs i AR5 i Rauma. Her deltok 20 personar frå ulike kommunar og frå Statsforvaltaren. Les meir her
Treng du litt repetisjon av teorien knytt til AR5? Da kan du sjå opptak av webinar med NIBIO, som du finn her. Elles finn du mykje informasjon om AR5 på NIBIO sine heimesider, her.
Kontaktperson: Odd Løset