Informasjonsbrev veke 3/2025
- Inn på Tunet workshop i Molde 29. januar kl 17-19
- Nasjonal Inn på Tunet-konferanse i Stavanger 11. - 12. februar
- Inspirasjonssamling og MRmat på Åndalsnes 25. - 26.februar
- RMP – Behandlingsfrist for kommunane er innan 28. januar
Inn på Tunet workshop i Molde 29. januar kl 17-19
I Trøndelag og Møre og Romsdal har vi eit pågåande prosjekt som ønskjer å utvikle tjenestekonsept for barn og familie, og vidaregåande opplæring. Prosjektet inviterer til inspirasjonskveld og workshop i Molde med tema barn og familie. Alle godkjente Inn på Tunet-gardar i Møre og Romsdal har fått invitasjon direkte, men del gjerne invitasjonen dersom du kjenner til gardar som ønskjer å starte med Inn på Tunet.
Påmeldingsfrist 15. januar
Meir informasjon om Inn på tunet workshop finn du her: Gården som arena for barn og familie – Workshop | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kontaktperson: Marie Teigland
Nasjonal Inn på Tunet-konferanse i Stavanger 11. - 12. februar
I februar er det duka for nasjonal Inn på Tunet konferanse. Også denne informasjonen er det sendt direkte til Inn på Tunet-tilbydarar i fylket, men del gjerne med andre det kan vere aktuelt for å delta innad i kommunen, og potensielle nye Inn på Tunet-tilbydarar.
Påmeldingsfrist 27. januar
Meir informasjon, program og påmelding finn du her: Husk å melde deg på Inn på tunet-konferanse i Stavanger 11.–12. februar 2025! | Statsforvaltaren i Rogaland
Kontaktperson: Marie Teigland
Inspirasjonssamling og MRmat på Åndalsnes 25. - 26.februar
Fagdagar Lokalmat MRmat er eit årleg arrangement for lokalmatprodusentane her i fylket som vi arrangerer saman med Kompetansenettverk Lokalmat Midt. I år blir det eit samarrangement med Lokalmat Møre og Romsdal. Den raude tråden i inspirasjonssamlinga den 25. februar er lokalmat i reiselivet. Den 26. februar blir det fagkurs med ulike tema: melkeforedling, kjøtforedling, bakekurs, honningforedling og for serveringsbedrifter/ epleprodusenter blir det kurs i å kombinere den norske sideren med mat. Del gjerne 😊
Påmeldingsfrist 9. februar
Meir informasjon, program og påmelding finn du her: Inspirasjonssamling og fagdager lokalmat MRmat 2025 - Kompetansenettverk lokalmat
Kontaktperson: Marie Teigland
RMP – Behandlingsfrist for kommunane er innan 28. januar
Kommunane skal ha behandla (førebels godkjenne, avslå eller avise) søknader
innan denne datoen.
Kontaktperson: Andreas Aarset