Informasjonsbrev veke 32/2025

- Forvaltningssamling jord 16. - 17. september - påmeldingsfrist 1. september
- Den nasjonale Kulturlandskapsprisen tildelt gardbrukarar i Sunndal
- “Ta et tak”-aksjon 2025
- Veksande tømmerpris, men nedgang i tømmerhogst
Forvaltningssamling jord 16. - 17. september - påmeldingsfrist 1. september
Statsforvaltaren inviterer tilsette i kommunane til forvaltningssamling jord 16. - 17. september på Scandic Alexandra i Molde. Samlinga skal inspirere og gje fagleg oppdatering, kompetanseheving, bidra til likebehandling og vere ein nettverksarena.
Program og påmelding finn du her.
Påmelding innan 1. september.
Velkomen til fagsamling og nettverksbygging!
Kontaktperson: Tone Helen Rørseth
Den nasjonale Kulturlandskapsprisen tildelt gardbrukarar i Sunndal
Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2025 er tildelt gardbrukarane på Østigard Flatvad i Sunndal kommune, Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad.
Ekteparet på Østigard Flatvad vann Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal i 2024. Statsforvaltaren nominerer fylkesvinnaren som kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen påfølgande år.
Prisen vart delt ut måndag 28. juli av landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen, under ei markering på garden. Les meir om prisutdelinga her.
Kontaktperson: Marie Teigland
Stiftinga Norsk Kulturarv har ein «Ta et tak»-aksjon, retta mot våningshus, driftsbygningar, stabbur, naust mm.
Meir informasjon om tilskot, kriterie og søknadsskjema finn du her.
Veksande tømmerpris, men nedgang i tømmerhogst
Tømmerprisen held fram med å auke, og gjennomsnittleg pris for alt tømmer levert i juni var på 920 kroner per kubikkmeter. Mengde innmålt tømmer første halvår i 2025 er likvel noko lågare enn i 2024.
Kontaktperson: Odd Løset