Informasjonsbrev veke 33/2023
- Korleis verte Inn på tunet-tilbydar?
- Overgang til fagsystemet AGROS for ordninga tilskot ved produksjonssvikt
- Regionalt miljøtilskot - Organisert beitebruk (OBB)
- Økologisk lunsj med Maria Berg Hestad på Matfestivalen i Ålesund fredag 25. august
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-08 – Frist 25. august
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Korleis verte Inn på tunet-tilbydar?
Inn på tunet Norge SA og Norsk landbruksrådgivning arrangerer kurs for dei som ynskjer å verte Inn på tunet-tilbydarar 19. - 20. oktober på Hamar.
Meir informasjon om kurset finnast her. Tips gjerne interesserte i di kommune!
Påmeldingsfrist 28. august.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Overgang til fagsystemet AGROS for ordninga tilskot ved produksjonssvikt
Søknader om tilskot for vekstgruppene frukt, korn og grovfôr med husdyr skal denne sesongen behandlast i fagsystemet AGROS. Dei andre vekstgruppene skal fortsatt behandlast i fagsystemet ELF. Dette betyr at det blir to ulike fagsystem for denne ordninga i 2023.
Du finn meir informasjon om dette på denne sida.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Regionalt miljøtilskot - Organisert beitebruk (OBB)
Frist for å melde inn namn på nye beiteområde/endringar i namn for kommande søknadsomgang er seinast 25. august. Informasjon sendast til Statsforvaltaren.
Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset
Økologisk lunsj med Maria Berg Hestad på Matfestivalen i Ålesund fredag 25. august
Økologisk Møre og Romsdal inviterer i samarbeid med Statsforvalteren i Møre og Romsdal til økologisk lunsj og føredrag med Maria Berg Hestad på Matfestivalen i Ålesund fredag 25. august kl 12 – kl 13.
Meir informasjon og kjøp av billettar finn du her.
Kontaktperson: Marie Teigland
ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2023-08 – Frist 25. august
Virkesopplysningar for periode 2023-08 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er 25. august. Det er viktig at dette blir godkjent innan fristen! Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg