Informasjonsbrev veke 37/2024

  • ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 9, Frist onsdag 25. september 
  • Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 3/24 
  • Kulturlandskapsprisen 2024 til Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad 
Publisert 11.09.2024

ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2024 – 9, Frist onsdag 25. september 

Virkesopplysningar for periode 2024-9 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er onsdag 25. september. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.  

Kontaktperson: Åslaug Røberg 

 

Ny utgåve av Gårdskart aktuelt 3/24 

Siste utgåve ligg HER 

Her kan du mellom anna lese om: 

  • Arealtala i Landbruksregisteret er oppdatert frå jordregister 
  • Korleis oppdatere arealtala sjølv, i etterkant? 
  • Kurs i AR5web 
  • Oppgradering av Gårdskart 
  • NIBIO ønskjer bilete for å lage KI-modell 

Kontaktperson: Odd Løset  

 

Kulturlandskapsprisen 2024 til Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad 

Rita og Knut har drive garden Østigard på Flatvad i Sunndalen sidan 2005. Som heiltidsgardsbrukarar har dei utvikla ei moderne og mangfaldig drift med mjølkeproduksjon, gris, grasproduksjon og korn. 

Deira arbeid viser tydeleg  viktigheita av det aktive landbruket, som kulturlandskapspleiar og som produksjonslandskap for å sikre norsk matproduksjon.   

Prisen blir overrekt på garden 16. september.   

Les meir om prisvinnarane her: Kulturlandskapsprisen 2024 til Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no) 

Kontaktperson: Ragnhild N. Aas