Informasjonsbrev veke 38/2023
- Nytt Gårdskart aktuelt 5/23
- Oste-VM og fagtur
- Har kommunen slåttemarkar som burde vore skjøtta?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Her kan du lese om:
- Massivoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret(kontrollgrunnlag for pt-søknader)
- Kva gjer du viss AR5 er oppdatert i ettertid
- Meldingar i Landbruksregisteret etter oppdateringane
- Siste nytt i Kilden
- Oppdaterte erosjonskart
- Neste kurs i AR5web
Link til ny utgåve av Gårdskart aktuelt
Kontaktperson: Odd Løset
I samband med oste-VM i Trondheim i slutten av oktober vert det arrangert ein studietur i Trøndelag den 26.oktober. Tema for dagen er melk, ost og gårdsopplevingar.
Meir info om studieturen ligg her
Målgruppa for studieturen er “Produsenter, samt «gode hjelpere» som jobber med næringsutvikling innen mat og drikke”
Meir info om oste-VM ligg her.
Del gjerne med folk dette kan vere interessant for!
Kontaktperson: Marie Teigland
Har kommunen slåttemarkar som burde vore skjøtta?
Handlingsplan for slåttemark med tilhøyrande artsmangfald er revidert og gjeld for perioden 2023 – 2037.
Det overordna målet i planen er at naturtypen slåttemark skal bli tatt vare på nasjonalt innanfor heile det naturlege utbreiingsområdet og at utviklinga blir bedra. Ei av målsettingane i planen er «å rekruttere nye folk og arealer, videreføre skjøtsel, og sikre kvalitet og langsiktig skjøtselsinnsats for slåttemark».
Kjenner ein til slåttemarker som burde vore skjøtta, så oppmodar vi grunneigarar/gardbrukarar eller kommunen å ta kontakt med statsforvaltaren si miljøvernavdeling.
Tilskot til skjøtsel
Ein kan få tilskot til skjøtsel av slåttemark, mellom anna gjennom ordningar for trua naturtypar og trua artar, ville pollinerande insekt og verdifulle kulturlandskap. Innanfor jordbruket kan ein få RMP- tilskot (årleg skjøtsel) og SMIL-tilskot (investeringstiltak).
Hjelp til skjøtsel?
I Romsdalsregionen er det ein aktør som kan skjøtte slåttemarkar etter avtale med grunneigar. Ta kontakt med statsforvaltaren si miljøvernavdeling for meir informasjon om dette.
Kontaktperson er Marita Fjelle hjå Statsforvaltarens si miljøvernavdeling.