Informasjonsbrev veke 43/2025

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Store skogskadar etter Amy 
  • Mentorordninga i landbruket 
  • Kartlegging av tre innovative trebygg i Møre og Romsdal, Tre bygg – tre læringsarenaer 
  • Fylkesnytt frå Møre og Romsdal
Publisert 22.10.2025

Store skogskadar etter Amy 

Stormen Amy 3- 4. oktober førte til mykje stormfelt skog i fylket. Førebelse tal viser at det er blåst ned om lag 250 000 kubikk med tømmer, og det kan tyde på at vi er det fylket som er hardast råka. Det er nesten like mykje som årleg hogstvolum i Møre og Romsdal dei siste åra. 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Mentorordninga i landbruket 

For nokre år sidan vart det, på initiativ frå både faglag og forvaltning, etablert ei mentorordning i landbruket. Norsk Landbruksrådgjeving tok på seg å drifte ordninga. Nye bønder kan der få tilgang til kompetanse, erfaring og nettverk frå meir erfarne bønder i eit ordna opplegg. 

Både deltakarar og mentorar må kvart år søke om å delta. Søknadsfristen i år er 1. desember. 

Kontaktperson: Per Eldar Nakken 

 

Kartlegging av tre innovative trebygg i Møre og Romsdal, Tre bygg – tre læringsarenaer 

Idrettens Hus i Molde, Sæbø skule og barnehage i Ørsta og Norsk Fjordsenter i Geiranger har blitt kartlagt for å lære om innovasjon i offentlege bygg, innsikt i haldbarheit, klimatilpassing og karbonlagring i offentlege trebygg. 

Erfaringane viser at massivtre kan brukast på mange måtar og med ulike arkitektoniske uttrykk. Samtidig peikar erfaringaneutfordringar som må løysast for å utnytte materialet fullt ut. Fordelar med massivtre som konstruksjon er mellom anna betydelige klima- og miljøgevinstar, kortare byggetid og lågare klimagassutslepp. Samstundes er det utfordringar knytt til spennlengder for dekker, lydgjennomgang og perforeringar i konstruksjonen. 

Kartlegginga beskriv og korleis offentlege innkjøp kan vere eit kraftfullt verktøy for å fremje klimavennlege løysingar og bidra til å nå FN sine berekraftsmål. 

 

 

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal  

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet skriv Statsforvaltaren to gonger for året eit Fylkesnytt frå Møre og Romsdal, som vert publisert på regjeringa sine nettsider. Årets andre utgåve er publisert, og kan lesast her.   

Vi har skrive om test av kriseberedskapen for landbrukskontora, kartlegging av tre innovative trebygg, store lauvskogressursar i fylket, mykje hogst i tilknyting til ny skogsbilveg, arbeid med nytt gjødselregelverk og nettverkssamling for UKL og verdsarvområdet. 

Eit tips: Dersom du ikkje allereie abonnerer på nyheitsbrev frå regjeringa, kan du melde deg på her