Informasjonsbrev veke 51/2022

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Høyring - nytt regionalt miljøprogram i jordbruket 
  • AR5web og nytt Geovekst Aktuelt 
  • Tilskot ved produksjonsvikt 
  • GOD JUL 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.12.2022

Høyring - nytt regionalt miljøprogram i jordbruket 

Ny programperiode for det regionale miljøprogrammet er frå 2023 til 2026. Utkast til ny forskrift om regionale miljøtilskot er no ute på høyring. 

Meir informasjon og høyringsdokumenta finn du her  

Høyringsinnspel kan sendast til fmmrpena@statsforvalteren.no innan 3. februar 2023. Merk innspelet med 2022/6262. 

Kontaktperson: Per Eldar Nakken  

 

AR5web og nytt Geovekst Aktuelt 

NIBIO arrangerer nytt kurs i AR5web 17. januar. Det er fleire kommunar i vårt fylke som enda ikkje har teke i bruk denne løysinga. Ta kontakt med underteikna for påmelding. Nettsida om AR5web er og oppdatert, sjå her. 

Siste Geovekst Aktuelt for 2022 er lagt ut. Det inneheld m.a. relevant nytt om AR5 og link til demovideoar for AR5web.   

Kontaktperson: Odd Løset 
 

Tilskot ved produksjonsvikt 

Bønder i Møre og Romsdal får utbetalt 7.5 millionar i tilskot ved produksjonssvikt for vekstsesongen 2022.  Meir informasjon om fordeling på dei ulike vekstgruppene. 

Vi ønsker å rekke ein stor takk til saksbehandlarane i kommunen som har bidratt til at Statsforvaltaren kom i mål med behandlinga.  


Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset og Per Eldar Nakken

 

GOD JUL 

Nok et år går mot slutten, og julehøytiden nærmer seg. Jeg vil på vegne av landbruksavdelingen hos statsforvalteren takke dere alle for et godt samarbeid i 2022, og ønske dere en riktig god jul og et godt nytt år! 

Frank Madsøy