Jordvern - ei nasjonal interesse i arealplanlegginga
Kommunane og fylkeskommunane har ei viktig rolle i å følgje opp nasjonale jordvernmål gjennom lokal og regional arealplanlegging. Fylkesmannen si rolle er å bidra med rettleiing og formidling av statlege interesser tidleg i denne planlegginga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Landbruks- og matdepartementet har i brev 08.03.2016 bedt kommunane, fylkeskommunane og fylkesmennene om å følgje opp nasjonal jordvernstrategi, som vart vedteken av Stortinget i desember 2015. Departementet viser til at dei fleste tiltaka i strategien er innanfor areal- og transportplanlegginga, der kommunane og fylkeskommunane er planstyresmakter, og har eit stort ansvar.
Ved planlegging skal kommunane balansere lokale ønskje mot nasjonale interesser og mål. I brevet frå departementet 08.03.2016 er det poengtert at viktige jordbruksareal representerer ei slik interesse. Blant tiltaka i jordvernstrategien er det mellom anna vist til dei nasjonale forventingane til regional og kommunal planlegging, og til dei statlege planretningslinene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.
Departementet har tillit til at dei nasjonale måla vert tekne omsyn til, og følgde opp i regional- og lokalforvaltninga.