Medhald i 3 klager – jordvern
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhold i 3 klagesaker, der alle hadde viktige, prinsipielle moment, som kommunane i fylket bør leggje til grunn i si sakshandsaming i dispensasjonsvurdering og vedtak. Dette gjeld drifts- og miljømessige ulemper, presedensverknad og fritidsbustad på dyrka mark med vilkår.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sak 1
Den første saka gjaldt dispensasjon til fritidsbustad på dyrka mark i Sykkylven kommune. Fylkesmannen i Møre og Romsdal klaga på vedtaket, då vi meinte at samfunnsnytta av fritidsbustad på dyrka mark ikkje kan vektleggast meir enn matproduksjon og nasjonale og regionale målsettingar om redusert nedbygging av matjord. Vilkår om erstatning av tapt areal ved nydyrking fann vi ikkje godt nok, til å akseptere nedbygging av landbruksareal.
Sak 2
Den andre saka gjaldt frådeling til bustad på dyrka mark i Surnadal kommune. Fylkesmannen i Møre og Romsdal klaga på vedtaket, blant anna på grunn av at utvidinga av eksisterande bustadfelt for fyrste gong ville omdisponere dyrka mark i aktiv drift, og i så måte ville gje uheldig presedensverknad for liknande framtidige saker i kommunen.
Sak 3
Den siste saka gjaldt omdisponering av LNF-område til bustadføremål i Surnadal kommune. Tiltaket ville ikkje føre til nedbygging av landbruksareal direkte, men Fylkesmannen i Møre og Romsdal klaga på vedtaket, då vi meinte at plasseringa av bustaden ville gje store drifts- og miljømessige ulemper som støyplager, støv- og luktplagar.
Alle vedtaka frå settefylkesmannen ligg som vedlegg.