Dyrka mark i fare for nedbygging

Volda er ein viktig landbrukskommune i Møre og Romsdal. Foto: Kari Bjørnøy

Kommunane Hareid, Volda og Stranda er i gang med å oppdatere sine kommuneplanar. Her er det blant anna forslag til tiltak som utfordrar landbruksinteressene, og særskilt dyrka marka.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.05.2021

Kommunane sin plan for framtidig bruk av areal bestemmer mye over utvikling i området der du bur. Kor kan du til dømes bygge hus, naust eller fritidsbustad? Nokre gongar er din kommune og offentlege etatar, slike som Statens vegvesen, Noregs vassdrag- og energidirektorat og fylkeskommunen, usamde om framtidige arealbruk. Statsforvaltaren har også mange omsyn som vi skal passe på; eksempelvis at badestranda di ikkje vert råka av forureining, at laksen kjem seg fram til gyteelva si eller kor den nye sjukeheimen skal byggast.

Landbruksavdelinga hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal ivareta landbruksinteressene i arealdelen. Det inneber at vi skal sjå til at dyrka marka vert nytta til å lage mat. At skogen kan brukast til produksjon av tømmer og plank for å bygge hus. At sau, kyr og geiter kan ferdast fritt i utmarka på sommarbeite, og at alle innbyggjarane i Møre og Romsdal kan nyte det vakre kulturlandskapet i fylket vårt.  

I vedlegga finn du Statsforvaltarens uttale til arealplanane etter at kommunane sendte dei på offentleg høyring første gongen. For våre landbruksfaglege vurderingar og tilbakemeldingar så kan du sjå på følgjande sidetal;

  • Hareid - side 6-7
  • Volda - side 11-13
  • Stranda - side 13-14

Nedanfor kjem ein kort oppsummering av våre uttalar, med vekt på landbruksinteressene.

Hareid

Hareid kommune la kommuneplanen sin arealdel ut til offentleg ettersyn i november 2020. Statsforvaltaren si tilbakemelding i januar 2021 var at kommunen hadde levert eit godt planframlegg, men sakna særleg at det var gjort grep som ga større samsvar mellom framskrive behov for nytt bustadareal og areal sett av til bustadareal.

Det vart fremja fleire motsegner til planframlegget, knytt til fleire ulike interesser. Når det gjaldt motsegner på grunn av strid mot landbruksinteresser, vart det fremja motsegn mot eit område på Nerli ved Hjørungavågen (B9 i plankartet). Arealet utgjer om lag 18 dekar, der rundt 6 dekar er fulldyrka jord. Trass i at området ligg sentralt til i Hjørungavågen i nærleiken av barneskulen, meiner vi at det allereie er sett av store arealreservar til bustader i gjeldande plan. Statsforvaltaren kan ikkje sjå at det er rett å setje av meir areal utan at ein samstundes tilbakefører anna areal.   

Det blei også fremja motsegn på bakgrunn av manglande føresegn for sikre etterbruk av matjord, og buffersone mellom bustader og dyrkajord.

Hareid kommune arbeider vidare med planen, og vi vonar den endelege planen gir eit godt verktøy for kommunen til å styre arealbruken i tråd med ulike interesser som gjer seg gjeldande.

Volda

Statsforvaltaren tok imot forslag til arealdelen til ny kommunedelplan for Volda kommune i august 2019. Statsforvaltaren fremja fleire motsegner i vår uttale i oktober 2019, deriblant fem som var delvis grunngjevne med omsynet til jordvernet. Dette gjaldt areal kommunen ønska å nytte til bustader, gravstad og kombinerte føremål (Furene-området). Til saman utgjorde dette godt over 50 dekar fulldyrka jord. I den påfølgjande dialogen, imøtekom Volda kommune fleire av motsegnene.

Av motsegner knytt til jordvern og landbruksinteresser, er det kunn eit areal på 12 dekar på Egset og noko areal, med mellom anna dyrka jord ved Furene, som kommunen held fast ved og som Statsforvaltaren framleis har motsegn mot. Det ligg også føre ei motsegn frå Møre og Romsdal fylkeskommune som gjeld negative konsekvensar for landbruk for deler av området på Furene. 

Det vil bli vidare formelle prosessar i samband med motsegnene før kommunen kan vedta den endelege kommunedelplanen. 

Stranda

Stranda kommune er kome langt med sitt forslag til ny kommuneplan arealdel. Gjennom prosessen har Statsforvaltaren gjeve tilbakemeldingar på at vi ikkje har vore samd i alle vurderingar og prioriteringar innafor landbruksområdet. Men med god kommunikasjon og open dialog er Statsforvaltaren og Stranda kommune blitt einige om alle planlagde tiltak i den nye kommuneplana. Dette er inngrep som kunne/vil gje problem for landbruksinteressene, som til dømes utfordringar for beitenæringa og nedbygging av matjord. Statsforvaltaren synes samla sett at dei konsekvensane arealplana vil gje for landbruket er akseptable.