Ikkje i mål på første forsøk for jordvernmålet

Fotograf: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Tormod Meisingset

Jordvernmålet er 100 dekar, men resultatet for 2023 vart 161 dekar omdisponert dyrka mark. Kommunane i Møre og Romsdal må auke innsatsen for å ta vare på matjorda.

Publisert 15.08.2024

Det første året med regionalt jordvernmål på maksimal omdisponering av 100 dekar dyrka mark, ble det omdisponert 161 dekar i Møre og Romsdal i 2023. Sjølv om det er ein nedgang frå året før, og trenden historisk sett er låg, så må kommunane prioritere jordvernet ytterlegare viss vi skal nå dei nasjonale og regionale jordvernmåla.

Kommunane har ansvaret og løysinga

Kommunepolitikarane må ha handa på rattet for at vi skal nå målet om å byggje ned mindre matjord. Dette vert adressert i eit felles brev frå landbruks- og matminister Geir Pollestad og kommunal- og distriktsminister Erling Sande. Ei uroleg verd med krig og konflikt i viktige matproduserande land, samt eit klima i endring, gjer jordvern høgaktuelt som eit godt beredskapstiltak.

For å redusere nedbygginga av matjord, må allereie omdisponerte areal i arealplana førast tilbake til landbruksføremål ved rullering av kommuneplan. Der matjord likevel vert vurdert til andre samfunnsnyttige føremål, så lyt kommunane gjere ei grundig vurdering om det finns andre alternativ før spaden eventuelt går i jorda.

Skjerpa jordvernmål

Stortinget sitt nasjonale jordvernmål er at ikkje meir enn 2 000 dekar matjord kan byggast ned per år, og målet skal nåast innan 2030. Fylkestinget i Møre og Romsdal har gjennom Fylkesstrategi for landbruk 2023-2026 vedteke eit regionalt jordvernmål på 100 dekar i året.

 

imager46xc.png