Jordvernkonferanse 5. desember
På FN sin internasjonale jorddag 5. desember, arrangerer NIBIO, Jordvern Norge og Norges Bondelag konferanse om jordvern. Konferansen vert arrangert på Ingeniørenes hus i Oslo kl. 09.30 til 16.00, men det er også mogleg å delta på Teams.
Publisert 25.10.2023
På konferansen vil innleiarar med bakgrunn frå forsking, politikk, sakshandsaming og jus skildre viktige sider av jordvernarbeidet. Målet er å gje kunnskap, argument og verkty som kan gjere arbeidet med jordvern lettare.
Målgruppa er arealplanleggarar, politikarar, landbruksforvaltning, eigedomsutviklarar og andre interesserte.
Påmelding finn de på NIBIO si arrangementside: https://nibio.pameldingssystem.no/nasjonal-jordvernkonferanse-5-desember
Påmeldingsfristen er måndag 6. november.