Oppfølging av landbrukseigedom i dødsbu

Årsskiftet markerte utløp av frist for skifte av landbrukseigedom i eldre dødsbu. Samtidig var det startskotet for kommunen sine nye oppgåver knytt til vurdering av tvangssal.
Det er nå over tre år sidan arveloven § 99a trådde i kraft 1. januar 2022. Lova stiller krav om overføring av landbrukseigedom til ny eigar innan tre år frå arvelatar sin død. For dødsbu oppstått før lovendringa, markerte utløpet av treårsfristen 1. januar 2025 at kommunen kan kreve tvangssal av landbrukseigedommar som framleis ligg i dødsbu.
Formålet med arveloven § 99a er å hindre at produktive landbrukseigedommar blir verande i dødsbu over lang tid. Drifta av eigedommen kan lide under fråværet av ein aktiv eigar. Drifta av omkringliggjande eigedommar kan også bli påverka negativt ettersom det kan bli vanskeleg å få buet med på utvikling av eller deltaking i felles prosjekt i området. Dødsfall blant arvingene kan også bety at det oppstår fleire dødsbu på eigarsida som gir uoversiktlege eigarhøve.
Kommunen avgjer kva for landbrukseigedommar som skal krevjast tvangsselt, men bør utøve skjøn som sikrar likebehandling og forutsigbarheit. Kommunen bør prioritere eigedommar som har vore lenge i dødsbu og eigedommar som kan gi grunnlag for drift og busetting. Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren.
Landbruksdirektoratet har utarbeidd rettleiar og malar kommunane kan nytte i arbeidet med oppfølginga.