Pris løfter opp kårfolk

Dei to prisvinnarane
Foto: Mathias Bergstad Malmgren.

Kårfolka Karin og Robert Smenes frå Averøya får årets inspirasjonspris frå Landbruksselskapet i Møre og Romsdal. Dei to er nominert av sonen Vegard Smenes. Han nyter godt av foreldra sin innsats på garden.

Publisert 08.03.2024

Prisen er 10 000 kroner og eit tresnitt frå Lars Christian Istad. Den blei delt ut under Landbrukskonferansen i Molde 8. mars.

Ein honnør til kårfolk

– Gratulerer til Karin og Robert Smenes spesielt, og til kårfolk generelt, smiler Brit Kari Eidseflot Hauger. Ho har leia juryen og er underdirektør på landbruksseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Ho fortel at dei med prisen i år ønsker å løfte fram kor viktige kårfolk er for vidare drift på gardbruket.

– Kårfolk har erfaring og kompetanse og gir ofte ein betydeleg arbeidsinnsats også etter at drifta er overført til neste generasjon, seier Eidseflot Hauger.  

Juryen meiner at kårfolka kan vere ein avgjerande ressurs i ei tid der gardbrukaren sjølv ofte står i ein kombinasjon av opplæringsfase, investeringsfase og gjerne også småbarnsfase.

Tek alt fjøsstellet og får gode resultat

Vegard Smenes har mange godord å gi om foreldra, som han nominerte til prisen.

– Dei tek bortimot alt fjøsstell, sjølv som «frie pensjonistar». Dei får gode resultat i fjøset, som ei følgje av fagleg tyngde og hardt arbeid. Dei legg også vekt på godt avlsarbeid og godt stell av dyra, listar han opp i nominasjonen.

Smenes fortel at foreldra har fått Tine meierier si sølvtine for elitemjølk, sidan dei har levert svært god kvalitet på mjølka over ei lang rekke år.

Karin og Robert Smenes har også vore aktive i fleire landbruksorganisasjonar og i politikk. Dei har bygd opp garden sjølv, både jord og hus. Saman har dei oppnådd gode resultat, med nøysam drift og fornuftige investeringar.

– Dei har hatt gode avlingar på vanskeleg jord, med lett utstyr og god dyrkingsteknikk, skryter sonen.

Viktige for vidareføringa av familielandbruket

– Kårfolk, som Karin og Robert, er svært viktige for at neste generasjon skal lukkast, og betyr mykje for vidareføringa av familielandbruket, seier Eidseflot Hauger.

-----

Landbruksselskapet i Møre og Romsdal er ein stiftelse som skal støtte positive tiltak i landbruket og bygdenæringane. Stiftelsen har eit styre beståande av landbruksdirektøren hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, leiaren i Møre og Romsdal Bondelag, leiaren i Møre og Romsdal bonde- og småbrukarlag og ein representant frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Juryen sin uttale:

Styret har valt å tildele inspirasjonsprisen i år til eit gardbrukarpar som no er blitt pensjonistar og kårfolk. Bakgrunnen for valet er at vi ynskjer å løfte fram kårfolk si viktige betydning for vidare drift på bruket. Kårfolk bidreg med erfaring og kompetanse og ein betydeleg arbeidsinnsats også etter at drifta er overført til neste generasjon. Dei kan vere ein avgjerande ressurs i ei tid der det ofte er ein kombinasjon av opplæringsfase, investeringsfase og gjerne også småbarnsfase. Kårfolk er svært viktige for at neste generasjon skal lukkast, og legg ofte ned stor innsats for det. Dei betyr mykje for vidareføringa av familielandbruket.

Om gardbrukarparet som her representerer «Kårfolket», blir det sagt følgjande:

  • Tek bortimot alt fjøsstell, sjølv som «fri pensjonist»
  • Får gode resultat i fjøset, som ei følgje av fagleg tyngde og hardt arbeid
  • Legg vekt på godt avlsarbeid og godt stell av dyra
  • Har fått sølvtine for elitemjølk
  • Har vore aktiv i fleire landbruksorganisasjonar og i politikk
  • Har vore arbeidssom og bygd opp garden sjølv, både jord og hus
  • Har oppnådd gode resultat, med nøysam drift og fornuftige investeringar
  • Har tatt gode avlingar på vanskeleg jord, med lett utstyr og god dyrkingsteknikk

Årets inspirasjonspris går til Karin og Robert Smenes frå Averøya. Dei er nominert av Vegard Smenes, som er neste generasjon på bruket og dermed har ytt godt av kårfolket sin innsats.

Kriterier for prisen

  • Har profilert landbruket på ein positiv måte i offentlegheita
  • Har fremma positive idèar for utvikling av bygdene
  • Er eit førebilete i arbeidet for utvikling av kulturlandskapet
  • Har profilert og gjennomført jordbruksdrifta si med høg standard
  • Har hjelpt yrkesbor/-søster gjennom ein vanskeleg periode
  • Har utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust

Juryen består av leiinga i Lanbruksselskapet:

  • Statsforvaltaren i Møre og Romsdal v/Brit Kari Eidseflot Hauger
  • Møre og Romsdal Bondelag v/Olav Håkon Ulfsnes
  • Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag v/Stein Brubæk
  • Møre og Romsdal fylkeskommune v/Eivind Vartdal Ryste