Kongens fortenestemedalje til Torgeir Langberg Hauge

Vi gratulerer Torgeir Langberg Hauge med Kongens fortenestemedalje i sølv – ei velfortent anerkjenning for hans livslange innsats for kulturlivet på Sunnmøre!
På vegner av H.M. Kong Harald hadde fylkesordførar Anders Riise det ærefulle oppdraget med å overrekkje medalje og diplom til Torgeir Langberg Hauge under ei gripande seremoni i regi av Rein Alexander Hauge Korshamn.

Eit liv vigd til musikk, menneske og fellesskap vart krona med ståande applaus, tårer og jubel under 30-årsjubileet til Damekoret Sirene i Fosnavåg konserthus laurdag 24. mai 2025.

Gjennom fleire tiår har Torgeir vore ein bauta i kormiljøet – som dirigent, pedagog og inspirator. Allereie som 15-åring tok han dirigentrolla i Ungdomskoret i Syvden, og sidan har han leia både Damekoret Sirene og Vyrde Mannskor i over 30 år – med stor suksess både lokalt og nasjonalt.
Som rektor ved Hareid kulturskule har han skapt eit trygt og inspirerande miljø for barn og unge. Hans varme, profesjonalitet og samfunnsengasjement har sett djupe spor i generasjonar av musikkutøvarar.
Torgeir har ikkje berre skapt musikk – han har skapt fellesskap, glede og kulturarv.
Vi gratulerer Torgeir med denne høgt hengande og velfortente æra!
Kontaktpersonar
-
Andrea Farfan
Tlf: 71 25 85 91