Plan og bygg

Oppdatert 20.12.2023

Planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale måla, og kommunar og fylkeskommunen har ansvaret for planlegginga på kommune- og fylkesnivå. 

Etter plan- og bygningslova skal kommunane samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga på sine område gjennom samanhengande kommuneplanlegging. Fylkeskommunen skal gjennom si planlegging samordne verksemda til staten, fylkeskommunen og kommunen i fylket.

Statsforvaltaren har to sentrale oppgåver i arealforvaltninga:

  • Som fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal vi sørgje for at nasjonale interesser blir sikra.
  • Statsforvaltaren skal sikre at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk. 

Vis meir


04.09.2025

Godkjenner plan for utbygging nær Ørsta sentrum

Fleire klaga på at Ørsta kommune vil legge til rette for å bygge fleire bustader på Fremre Mo, nær sentrum. No har Statsforvaltaren godkjent planen.


24.06.2025

Departementet seier nei til gondol på Sulafjellet

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje planane for gondol frå Langevåg sentrum til Sulafjellet. Grunnen er at prosjektet i for stor grad er i konflikt med viktige natur-, landskaps- og friluftslivsinteresser.


20.03.2025

Departementet godkjenner ikkje planen for Tue-krysset

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) peiker på nasjonale jordverninteresser og godkjenner ikkje reguleringsplanen for Tue-krysset i Vanylven.


18.03.2025

Seier nei til utviding av Storfjord hotell

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har endra Ålesund kommunen si godkjenning til utviding av Storfjord hotell til avslag. Utvidinga bør først skje etter at ny reguleringsplan for området er godkjent.


13.03.2025

Nye statlege planretningslinjer for klima og arealbruk

Dei to statlege planretningslinjene for klima og energi og for arealbruk og mobilitet er endra. Kva betyr dette for kommunen sitt planarbeid?


03.03.2025

Avslag for glassigloen Trones Eye i Verdal kommune

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal endrar Verdal kommune sitt vedtak om å gje dispensasjon til glassigloen på Trones, til avslag.


27.02.2025

Lovlig intensjonsavtale mellom Molde kommune og MFK

Statsforvalteren slår fast at Molde kommunes vedtak om en intensjonsavtale med Molde fotballklubb/Molde Fotball AS (MFK) er blitt til på lovlig måte og har et lovlig innhold.


26.02.2025

Molde fotball AS får utvide fotballbana på Lubbenes

Statsforvaltaren stadfestar Molde kommune sitt rammeløyve til å utvide  grasfotballbana på Lubbenes.


14.01.2025

Sunndal kommune må behandle Trædalsbakken på nytt

Sunndal kommune har ikkje vurdert søknaden godt nok, og må derfor vurdere bruksendring og ombygging av gammelhuset på Trædalsbakken på nytt.


08.01.2025

Endringar i reguleringsplan for E136 Breivika - Lerstad er stadfesta godkjent

Statsforvaltaren stadfestar reguleringsplanen for ny tunnel mellom Breivika – Lerstad.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel