Hareid kommune med eigen informasjonsvideo om kommunal planlegging
Hareid kommune har starta arbeidet med revisjon av kommuneplanens arealdel. Det er lagt opp til ein open og inkluderande planprosess med vekt på deltaking og medverknad.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kommuneplanen er eit viktig strategisk verktøy for utvikling og styring av kommunen som samfunn og organisasjon.
Filmen gir ein kortfatta presentasjon av aktuelle tema og innsatsområde knytt til kommuneplanens samfunns- og arealdel.
Det blir vidare formidla ei klar oppfordring til alle innbyggarane i kommunen om ta aktivt del i det arbeidet som er sett i gang med rullering av kommuneplanens arealdel.
Filmen formidlar enkel og oversiktleg informasjon om kommunal planlegging - til nytte og inspirasjon også for andre kommunar.