Kommuneplanar

Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommuneplanen skal ivareta kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Retningsliner og pålegg frå statlege og regionale styresmaktar skal leggjast til grunn.

Publisert 20.03.2018, Sist endra 23.09.2021

Regjeringa skal kvart fjerde år legge fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for å fremje ei berekraftig utvikling i heile landet, jf. plan- og bygningslova § 6-1. Dei nasjonale forventningane skal følgjast opp i arbeidet med planstrategiar og planar i fylkeskommunane og kommunane, og ligg til grunn for dei statlege myndigheitene sin medverknad i planlegginga.   

Berekraft som grunnlag

Nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019 - 2023 peikar på at dei 17 berekraftmåla til FN, som Noreg har slutta seg til, skal vere grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga. Berekraftsmåla vil i tråd med dette vere retningsgivande i samband med det kommunale planstrategiarbeidet, og slik legge tydelege føringar for det vidare arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel med handlingsplan som følgjer budsjett og økonomiplanarbeidet.

Som grunnlag for kommuneplanlegginga skal det utarbeidast ein kommunal planstrategi minst ein gong i kvar valperiode og seinast innan eitt år etter konstituering av kommunestyret.

Langsiktige utfordringar

Kommuneplanens samfunnsdel omhandlar langsiktige utfordringar når det gjeld mål og strategiar, både for kommunens rolle som samfunnsutviklar og som tenesteytar. Samfunnsdelen vil gjennom handlingsdelen vere kopla til kommunens økonomiplan, og vil samstundes legge viktige rammer og føringar for arbeid med kommuneplanens arealdel. Samfunnsdelen vil i tråd med dette kunne innehalde ein overordna arealstrategi.

Det skal utarbeidast planprogram som ledd i varsling av planoppstart for kommuneplanar. Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, opplegg for medverknad, kva for alternativ som skal vurderast og trong for konsekvensutgreiingar (KU). KU skal inngå som del av planprosessen.

Planprogrammet må også kommentere kunnskapsgrunnlaget for relevant naturmangfaldtema og vurdere om det er behov for meir kunnskap for å få saka tilstrekkeleg opplyst (naturmangfaldlovas § 8 og forvaltingslovas § 17).

Rettleiarar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utarbeidd rettleiarar som dekker heile planområdet; sjå

Meir utfyllande  informasjon om planlegging etter plan- og bygningslova finn du på www.planlegging.no