Barn og unge
Korleis det er der barn veks opp er avgjerande for ein trygg oppvekst, motorisk utvikling og god helse. Å planlegge for eit samfunn med trygge oppvekstmiljø, gode møtestader, høve til leik, og aktivitetsfremjande omgjevnader er noko av det viktigaste vi kan gjere.
Regjeringa sin temarettleiar gir ein oppdatert gjennomgang av krava til ivaretaking av barn og unge sine interesser i planlegginga med ny plan- og bygningslov. Rundskriv T-2/08 Om barn og planlegging utdjupar Rikspolitiske retningsliner for barn og planlegging. Omsynet til barn og unge sine interesser i planlegginga er skjerpa inn og skal vege tyngre ved veging av ulike interesser.
Rettleiar, rundskriv og mykje anna nyttig informasjon finn du på Regjeringa sine sider planlegging.no.
I tillegg til dei nasjonale føringane har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal utarbeidd ein eigen rettleiar om leikeplassar som vi legg til grunn i vår medverknad i plansaker som berører barn og unge. Rettleiaren finn du i menyen til høgre.
Planprosessen
Planomtalen til reguleringsplanen må innehalde informasjon om korleis planen sine konsekvensar for barn og unge er vurdert i planprosessen og korleis barn og unge har vore involvert i planarbeidet.
Leikeplassar og friareal
Dei rikspolitiske retningslinene krev at det skal finnast areal der barn kan utfalde seg og skape sitt eige leikemiljø. Areala må:
- vere store nok og eigna for leik og opphald heile året
- kunne nyttast av ulike aldersgrupper og sikre samhandling mellom barn, unge og vaksne
- vere sikra mot støy, forureining, trafikkfare og annan helsefare
I reguleringsplanar med bustadområde må det setjast av areal til leik i plankartet og stillast kvalitetskrav til leikearealet i føresegnene. I samsvar med Direktoratet for naturforvalting sine normer rår vi til at det vert sett av:
- minst 50 m² leikeareal pr bustad / 25 m² i konsentrert busetnad
- minst 5 daa friareal ikkje meir enn 200 m frå bustaden
Følgjande areal skal ikkje reknast med som leikeareal: areal brattare enn 1:3 eller smalare enn 10 m, areal med støynivå over 55 dB(A), areal sett av til køyreveg, parkering og fareområde.
Det må vere samsvar mellom det høgste talet bustadeiningar reguleringsplanen opnar for og storleiken på areal avsett til leik i planområdet. Dette må kome klart fram i plankartet/-føresegnene. Det må setjast rekkjefølgjekrav som seier at leikeområde skal vere opparbeidd og ferdigstilt før det kan gjevast bruksløyve for bustader.
Erstatningsareal
Ved omdisponering av areal sett av til fellesareal eller friområde som er i bruk eller eigna for leik skal det skaffast fullverdig erstatningsareal. Det same gjeld uregulert areal som barn bruker til leikeareal.