Blei ikkje heilt einige om Hustadvika sin arealplan

Meklinga mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Hustadvika kommune gav einigheit på fleire punkt, men Statsforvaltaren står fast ved tre av ni motsegner.

Publisert 20.01.2026

– Vårt oppdrag er å sikre at kommunane tar omsyn til nasjonale og viktige regionale verdiar. Vi held derfor fast ved motsegner knytt til utbygging i myr og på dyrka mark, seier statsforvaltar Else-May Botten, som leia meklinga.

Fleire har motsegner i saka

Både Statsforvaltaren, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Møre og Romsdal fylkeskommune har motsegner til planen.

Motsegnene frå Statsforvaltaren var tema for meklingsmøtet i dag.

Vidare framdrift

Representantane frå Hustadvika vil no legge meklingsresultatet fram for resten av kommunestyret. 

Kommunestyret i Hustadvika kommune vil behandle og vedta kommuneplanen sin arealdel med dei motsegnene som framleis står, og deretter sende saka til Statsforvaltaren.  

Statsforvaltaren skal deretter gi ei tilråding og sende saka til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.